Presseinvitasjon
Regjeringa innfrir reinhaldsløfte frå Hurdalsplattforma
Nyheit | Dato: 07.12.2023 | Forsvarsdepartementet
I Hurdalsplattforma lova regjeringa at alt reinhald i forsvarssektoren igjen skulle bli organisert i Forsvarets eigen regi. No markerer regjeringa, ved rogalandsministrane Kari Nessa Nordtun (Ap) og Geir Pollestad (Sp) at dei første reinhaldsarbeidarane får staten som arbeidsgivar. I løpet av 2024 følgjer resterande reinhaldsarbeidarar.
Tid: Måndag 11. desember kl 09.50-12.00
Stad: KNM Harald Haarfagre, Madlaveien 345, Stavanger
Husk pressekort og gyldig identifikasjon
Program
09:50-09:55 Velkommen ved ass.dir. Forsvarsbygg Camilla Mathiesen
09:55-10:10 Kunnskapsministeren og landbruks- og matministeren, om bakgrunn og målet med å ta reinhald tilbake.
10:10-10:40: Fotoseanse, intervjutid
10:40-11:10: Omvisning for å sjå på trivselstiltak for soldatar og yngre befal + Oppgradering av nybygg for å auka talet på soldatar som blir utdanna på Madla.
11:10-11:40: Lunsj i befalsmessa
Påmelding til pressekontakt Trond Øvstedal i Forsvarsdepartementet, tlf 975 29 556