Historisk arkiv

Regjeringa lanserer "Langskip" for fangst og lagring av CO2 i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Regjeringa har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om korleis dei vil støtte gjennomføring av fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg. Prosjektet har fått namnet "Langskip".

– Langskip er ein milepæl i industri- og klimasatsinga til regjeringa. Prosjektet vil kutte utslepp, og legge til rette for ny teknologi og dermed nye jobbar, seier statsminister Erna Solberg.

Fleire må med
Regjeringa foreslår å først realisere fangst av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik. Regjeringa legg òg opp til å støtte fangst av CO2 ved Fortum Oslo Varmes avfallshandteringsanlegg i Oslo, men då må dette prosjektet først skaffe tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder.

– For at prosjektet skal bli ein klimasuksess for framtida, må òg andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at også andre skal bidra økonomisk, seier Solberg.

Langskip omfattar òg støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total. Northern Lights skal frakte flytande COmed skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derifrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.

Stein på stein
Over mange år har ulike norske regjeringar støtta opp under teknologiutvikling, test- og pilotprosjekt og framheva CO2-fangst og -lagring som eit viktig verkemiddel internasjonalt. Regjeringa har følgd opp dette og arbeida målretta med CO2-handtering sidan 2013.

– Vi har vore opptekne av å bygge stein på stein saman med industrien, slik at vi er trygge på at det kan gjennomførast. Denne tilnærminga har vore vellukka, og grunnlaget for avgjerda er no på plass. Med Langskip bygger vi ny infrastruktur, og vi legg til rette for å knytte andre CO2-fangstanlegg til eit CO2-lager i Noreg. Dette er klimapolitikk som fungerer, seier olje- og energiminister Tina Bru.

– Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri noensinne. Med dette  kuttar vi utsleppa, ikkje utviklinga, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Olje og energiminister Tina Bru og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på scenen på pressekonferansen i Klima- og miljødepartementet
Olje og energiminister Tina Bru og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på pressekonferansen. Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor

FNs klimapanel slår fast at fangst og lagring av CO₂ vil vere naudsynt for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnad. Det er få anlegg i drift i dag på verdsbasis. Vi treng difor fleire prosjekt som gir læring og teknologisk utvikling som reduserer kostnaden. Nye anlegg i Europa og verda er ein føresetnad for at fangst og lagring av CO2 skal kunne bli eit effektivt klimaverkemiddel.

Naudsynt klimatiltak
Noreg har forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med 50-55 prosent innan 2030. 

– For at verda skal nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, må vi fange og lagre CO2 i stort omfang. Det er ikkje alle utslepp som kan kuttast med å ta i bruk  fornybar energi. I fleire industriprosessar, som til dømes sementproduksjon, er CO2-fangst og -lagring den einaste teknologien som kan kutte utsleppa. Med dette skapar Noreg klimaløysingar for framtida, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Noreg har gode føresetnader for å bidra til utviklinga av CO2-handtering. Noreg har sterke fagmiljø for fangst, transport og lagring av CO2. Utbygging og drift av CO2-prosjekta på Sleipner og Snøhvit har i fleire tiår demonstrert sikker lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.

Nye arbeidsplassar
– God klimapolitikk skal vere god næringspolitikk. Med Langskip vil regjeringa styrkje norsk industri gjennom å legge til rette for at verksemdene kan møte framtidige klimakrav. Prosjektet er eit viktig bidrag til grøn vekst i Noreg og vil sikre og skape nye jobbar i industrien, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Det er modna fram ei løysing som legg til rette for at CO2-handtering kan utviklast vidare både i Noreg og Europa. Prosjektet er modna fram til det nivået det skal vere ved ei investeringsavgjerd, og resultata frå forprosjekta syner at alle delane av prosjektet er moglege å gjennomføre. Prosjektet inneber òg risiko. For at prosjektet skal oppnå ønska effekt trengs ei ambisiøs utvikling av klimapolitikken i Europa. Det er mellom anna usikkerheit om omfanget av etterfølgjande prosjekt og om naudsynte støtteordningar for desse frå EU og dei einskilde landa. 

25 milliardar
Samla investeringar for Langskip er anslått til å vere 17,1 milliardar kroner. Dette inkluderer både Norcem, Fortum Oslo Varme og Northern Lights. Driftskostnader for ti års drift er anslått til 8 milliardar kroner. Samla kostnadsanslag er dermed på 25,1 milliardar kroner. Langskip får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Staten sin del av desse kostnadene er anslått til 16,8 milliardar kroner.

Kart
Foto: Gassnova