Presseinvitasjon:
Regjeringa lanserer leselyststrategien
Pressemelding | Nr: 23/24 | Dato: 27.05.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Onsdag 29. mai lanserer kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun den nye leselyststrategien på Litteraturfestivalen i Lillehammer.
Tid: Onsdag 29. mai kl. 12:00-12:30
Sted: Lillehammer bibliotek, Wieses gate 2 A
Påmelding for presse: Send namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 29. mai kl. 10:30.
Kultur- og likestillingsministeren og kunnskapsministeren vil vere tilgjengelege for intervju.
Barn og unge i Noreg har lågere leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før. Det viser dei internasjonale undersøkingane PISA og PIRLS. Denne trenden vil regjeringa snu. Derfor legg dei no fram ein helt ny strategi, som skal auke leselysta og leseferdigheitene til barn og unge.
Program
- Kultur- og likestillingsministeren og kunnskapsministeren presenterer strategien
- Framsyning av Boklek-prosjektet med forfattar Marianne Sundal og førsteklassingar
- Festivalsjef Marit Borkenhagen fortel om Boklek og andre lokale leselystprosjekt