Regjeringa lanserer tiltaksplan for å sikre valet
Pressemelding | Dato: 09.06.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Utanriksdepartementet
Regjeringa lanserer i dag 16 tiltak som samla sett skal førebyggje og hindre uønskt påverknad ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i september.
Styresmaktene har ikkje avdekka forsøk på uønskt påverknad i Noreg. Regjeringa er likevel førebudd på at det kan skje slik aktivitet i Noreg, og har derfor satt saman ei rekke tiltak som skal hindre uønskt påverknad før, under og etter valet.
– Vi må vere budd på at forsøk på påverknad av valet kan skje. For å bevare den høge tilliten til val i Noreg, må vi ha kunnskap og verktøy til å møte slike trugslar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som har øvste ansvar for valgjennomføringa i Noreg.
Sjølv om det ikkje er avdekka forsøk på utanlandsk påverknad i Noreg, skriv Politiets tryggingsteneste (PST) i si opne nasjonale trusselvurdering at etterretningstenestene i fleire land driv verksemd på norsk jord. PST framhevar òg at dei digitale trugselaktørane utviklar stadig meir avanserte metodar og verkemiddel for å få tilgang til sensitiv informasjon.
– Som PST viser til, finst det aktørar som kan ønskje å spreie usikkerheit og skape splid i det norske samfunnet. Vi kan alle bli meir bevisste på kva vi sjølv kan gjere for å hindre påverknad, desinformasjon og andre uønska hendingar, seier Gjelsvik.
Arbeidet med fleire av tiltaka er allereie godt i gang. Mellom anna er rettleiaren om hatefulle ytringar, hets og trugslar mot politikarar og kandidatar, i samråd med PST, oppdatert med nye råd særleg retta mot lokalpolitikarar og kandidatar til lokalval.
Arbeidsgruppa jobbar fram mot neste stortingsval
Regjeringa sette tidlegare i år ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe fram til stortingsvalet i 2025. Gruppa tek utgangspunkt i tiltaksplanane frå dei førre vala, og kjem no med 16 tiltak. Tiltaka treff ulike aktørar og har som mål at både kommunar, veljarar, valmyndigheiter og kandidatar ved valet skal få auka medvettet om påverknad.
Arbeidsgruppa er leia av Kommunal- og distriktsdepartementet og er samansett av medlemmer frå Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og relevante underliggjande organ. Mellom anna har EOS-tenestene, Politidirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Valdirektoratet og Medietilsynet vore representerte.
– Valgjennomføringa i Noreg skjer ute i kommunane. Eg meiner derfor det er viktig at vi i tillegg til å informere dei politiske kandidatane direkte, har tiltak som rettleiar kommunane og gjer dei medvitne på deira rolle, seier Gjelsvik.
Arbeidsgruppa vil vurdere om vi treng nye tiltak til stortingsvalet i 2025.
- Regjeringa legg til grunn risiko- og trugselvurderingar utarbeidd av Nasjonal tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggingsteneste (PST), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Politiet for å sikre gjennomføringa av valet.
- PST og NSM gir avgjerdsstøtte og tryggingsfaglege råd til partiorganisasjonar og politikare på alle nivå, myndigheitspersonar og aktuelle verksemder.
- Politiet arbeider aktivt med å leggje til rette for god dialog med kommunar og politiske parti om førebyggjande råd og tiltak knytt til hatefulle ytringar og trugslar mot politikare.
- NSM fører vidare si evne til respons, hendingshandtering og informasjonsdeling knytt til beredskapsordninga for sosiale medier (SoMeB).
- NSM ved Nasjonalt cybersikkerheitssenter held ved lag si evne til å avdekke, varsle om, respondere og koordinere handtering av nettverksoperasjonar mot valinfrastruktur og andre viktige aktørar knytt til valprosessen og valgjennomføringa, i tett samarbeid med andre aktørar, mellom anna i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS).
- Valdirektoratet gjennomfører testing av det elektroniske valadministrasjonssystemet EVA og alle nytta plattformer for direktoratets løysningar i samarbeid med NSM og andre eksterne aktørar. Direktoratet set i verk tiltak for auka sikkerheit ved behov.
- Valdirektoratet rettleiar kommunar og fylkeskommunar om fysisk sikring av dei tekniske løysningane som brukast ved valet, og om sikker bruk i valgjennomføringa.
- NSM, PST og E-tenesta utarbeider ein informasjonsbrosjyre som sendast til alle kandidatar som stiller til kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023.
- Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har inngått ein avtale med Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) om eit forskingsoppdrag om valpåverknad.
- Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vil i samarbeid med KDD og Valdirektoratet arrangere ein tverrsektoriell samvirkekonferanse både på direktoratsnivå og for lokale valmyndigheiter, kor valpåverknad er tema.
- DSB vil arrangere eit beredskapsmøte med alle statsforvaltarane i løpet av sommaren, kor mogleg valpåverknad vil inngå. Statsforvaltarane formidlar bodskapane herifrå vidare til kommunane.
- DSB aktualiserer informasjonen om falske nyhende på nettsida sikkerhverdag.no gjennom å relatere saka til valet.
- Medietilsynet utarbeider i samarbeid med Nasjonal digital læringsarena (NDLA) eit undervisningsopplegg om kunstig intelligens som skal styrke elevane si kritiske medieforståing, der eit av temaa er val.
- Medietilsynet relanserer kampanjen Stopp. Tenk. Sjekk., som har som mål å styrke befolkninga si kritiske medieforståing. Kampanjen løftast fram på DSB sine plattformar.
- KDD utvidar i samarbeid med PST rettleiar om hatytringar, hets og trugslar retta mot folkevalde og kandidatar som stiller til val.
- KDD inviterer media til dialogmøte om regjeringa sitt arbeid for å styrke sikkerheita ved gjennomføringa av valet.