Presseinformasjon:

Regjeringa legg fram Arktisk råd-prioriteringar i Tromsø

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt vitjar Tromsø tysdag 28. mars, saman med klima- og miljøminister Espen Barth Eide, for å presentere Noregs prioriteringar for leiarskapet i Arktisk råd frå 2023 til 2025.

Nett-tv Regjeringa legg fram Arktisk råd-prioriteringar i Tromsø

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Noreg overtar leiarskapen i Arktisk råd i 11. mai, og presentasjonen av dei norske prioriteringane for leiarskapet er ein viktig milepæl på vegen.

Presentasjonen finn stad på Framsenteret, Hjalmar Johansens gate 14,  klokka 12.30. Sametingspresident Silje Karine Muotka bidrar med eit digitalt innlegg. Det vil være mogleg å følge arrangementet digitalt på regjeringa.no.

Pressa inviterast til å være til stades. Dei to ministrane møter pressa etter arrangementet, ca. klokka 13.30. Interesserte journalistar må melde seg på innan 26. mars til Marte.Lerberg.Kopstad@mfa.no.

Utanriksministeren vitjar òg Kongsbakken vidaregåande skule frå klokka 10.15 til 11.15. Pressa er velkomen til å delta. Merk at det kan bli endringar i tidspunktet.

Pressekontaktar

Pressekontakt for utanriksministeren: Seniorrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, mobil  99 52 20 26, e-post Marte.Lerberg.Kopstad@mfa.no.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren: Seniorrådgjevar Kari Asheim, mobil 908 41 606, epost  kari.asheim@kld.dep.no

Strøyming:
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.