Regjeringa legg til rette for at fleire kan ta utdanning i samisk og kvensk

I statsbudsjettet for 2025 vidarefører regjeringa tiltaka frå 2024-budsjettet om å styrke moglegheitene for å ta utdanning i samisk og kvensk språk.

– For å ta vare på samisk og kvensk språk og kultur i Noreg, må vi utdanne nok folk med kompetanse i desse språka. Derfor har vi sørgt for at dei som vil ta sørsamisk utdanning på deltid i utlandet no får utdaningstøtte. I tillegg har vi utvida gjeldsletteordninga for dei som har teke samisk eller kvensk som del av lærarutdanninga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Studiestøtte for deltidsstudium i sørsamisk

Sørsamisk er på UNESCO si liste over alvorleg truga språk. Det finst få gradsutdanningar i sørsamisk, men det finst i tillegg til dei avgrensa tilboda i Noreg, studietilbod på deltid i Umeå i Sverige.

For å legge til rette for at fleire får språkkompetanse i samisk og kvensk, har regjeringa sørg for at studentar som tek deltidsstudium i sørsamisk i utlandet no kan få utdanningsstøtte. Tidlegare var ikkje dette mogleg, då var det berre støtte for heiltidsstudium på campus. No kan studentar få støtte for deltidsstudium i sørsamisk, også for studium som er dels nettbaserte.

Utvida gjeldsletteordning for lærarar

I tillegg har regjeringa utvida gjeldssletteordninga, slik at fleire lærarutdanningar (barnehagelærar-,  grunnskulelærar-, lektor-, og praktisk-pedagogisk utdanning,) som har minimum 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk, har rett til inntil 50 000 kroner i gjeldslette. Denne ordninga er utvida til å inkludere fleire typar lærarutdanningar, noko som gjer det enklare for lærarar å få gjeldslette basert på språkkompetanse.