Regjeringa legg til rette for CO2-fangstprosjektet til Hafslund Celsio
Pressemelding | Dato: 22.11.2024 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår å vidareføre CO2-fangstprosjektet til Hafslund Celsio på Klemetsrud. Statsstøtta aukar frå 4,05 milliardar kroner til 4,4 milliardar kroner. I tillegg blir frådraget for eventuelle inntekter frå sal av sertifikat for negative utslepp fjerna.
– Prosjektet er det første i sitt slag, og det er stor risiko knytt til slike prosjekt. Eit vellukka prosjekt vil ha stor demonstrasjonsverdi for CO2-fangst i avfallsforbrenning i Noreg og internasjonalt, og vil bidra til å fjerne 350 000 tonn CO2 årleg. Med dette forslaget legg me til rette for at selskapet kan fatte ei ny investeringsavgjerd, seier energiminister Terje Aasland.
Risiko
For å vurdere kor modent prosjektet er har Energidepartementet og Finansdepartementet fått ein ekstern kvalitetssikrar til å gjere ein supplerande analyse. Kvalitetssikringsrapporten konkluderer med at det er varierande grad av modenheit i prosjektet, men at prosjektet er tilstrekkeleg modent til at staten kan fatte ei avgjerd om investering no, gitt at statens bidrag kan sjåast på som eit fast beløp uavhengig av faktiske kostnader.
For å styrke insentiva for selskapet og redusere den økonomiske risikoen for staten, vil 900 millionar kroner av statsstøtta bli utbetalt som eit oppstartstilskot når anlegget er ferdigstilt. I den reviderte tilskotsavtalen blir det også presisert at staten ikkje skal bidra med ytterlegare tilskot eller risikoavlasting ved ei eventuell kostnadsoverskriding.
Bakgrunn
Energidepartementet inngjekk ein tilskotsavtale med Hafslund Oslo Celsio i juni 2022. I mars 2023 kom Celsio med eit oppdatert kostnadsestimat som viste at prosjektet låg an til å overskride maksimalbudsjettet i avtalen. Selskapet sette derfor prosjektet på vent for å redusere kostnadene. I august 2024 la selskapet fram eit nytt prosjektgrunnlag, med planlagt oppstart av drifta i 2029. I den oppdaterte prosjektplanen til selskapet er forventa investeringskostnader (P50) om lag 8,4 milliardar kroner (2024-verdi), mot om lag 5 milliardar kroner i 2022. P85-estimatet, eit estimat det er simulert 85 prosent sannsynlegheit for ikkje å overskride, er om lag 9,5 milliardar kroner (2024-verdi). Årlege driftskostnader er estimert til 311 millionar kroner. Med den nye prosjektplanen legg selskapet opp til å fange inntil 350 000 tonn CO2 årleg, som er 50 000 tonn mindre enn det opprinnelege prosjektet.
23. oktober 2024 fatta Oslo kommune ei avgjerd om å utvide investeringsavtalen med Hafslund Celsio. 20. november vart det fremja krav om lovlegheitskontroll av vedtaket til Oslo bystyre. Saka vil difor bli sendt til statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Hafslund Celsio legg opp til investeringsavgjerd innan januar 2025.
Med bakgrunn i forslag til endringar i tilskotsavtalen som er inngått med Celsio, er den samla pris- og valutajusterte styringsramma (P50) for bygging og ti års drift av lager og dei to fangstanlegga i Langskip oppjustert til om lag 34 milliardar kroner (2024-verdi). Det statlege bidraget (P50) til etablering og drift er anslått til om lag 22 milliardar kroner (2024-verdi)utan tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig.