Regjeringa møtest til budsjettkonferanse

Stad: Statsministerens kontor

Regjeringa møtest til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor.

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum er tilgjengelege for pressa før konferansen, onsdag 31. august om lag kl. 08.40.

Det er ikkje lagt opp til fleire møte med pressa i løpet av budsjettkonferansen.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend legitimasjon. Oppmøte i Glacisgata 1 onsdag 31. august frå kl. 08.00 og innan kl. 08.30.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.