Presseinvitasjon:

Regjeringa mottek forslag til mål for arbeidet med samfunnsoppdraget om berekraftig fôr

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har lansert eit målretta samfunnsoppdrag for berekraftig fôr, der ambisjonen er at på sikt skal alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr kome frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema.

Forskingsrådet leier ei operativ gruppe av fagetatar som det siste året har jobba med forslag til utforming og konkrete mål for samfunnsoppdraget. Gruppa leverer no forslaga sine til tidfesta mål og delmål for oppdraget til fiskeri- og havministeren, landbruks- og matministeren og forsknings- og høyere utdanningsministeren.

Tid: Fredag 3.11 kl. 09.30 - 10.00

Stad: Nærings- og fiskeridepartementet (Kongens gate 8, Oslo - Møterom Rjukan)

Pressekontakter:
For fiskeri- og havministeren: Kommunikasjonssjef Lisa Nordøen – tlf. 934 19 402

For landbruks- og matministeren: Kommunikasjonssjef Ottar Løvik - tlf. 481 40 477

For forskings- og høgare utdanningsministeren: Kommunikasjonssjef Anders Lundell - tlf. 900 49 636

 

Fakta

Kva er eit målretta samfunnsoppdrag?

Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist. Noreg deltek allereie i EU sine samfunnsoppdrag, og regjeringa har lansert to nasjonale samfunnsoppdrag på prioriterte område:

  • berekraftig fôr
  • inkludere flere barn i utdanning, arbeids- og samfunnsliv

Om samfunnsoppdrag berekraftig fôr

Samfunnsoppdraget for berekraftig fôr inneber eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Mattryggleiken er under press som følgje av folkeauke, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Tilgang på trygt og sunt fôr med låge klimagassutslepp er ein føresetnad for berekraftig matproduksjon. Samfunnsoppdraget samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid.

Fôr til fisk står for over 70 prosent av klimagassutsleppa i havbruksnæringa, knytt til produksjon, foredling og transport. Samtidig blir over 90 prosent av fôrråvarene importerte. Når den gjelda fôr til husdyr, speler gras og beite ei viktig rolle. Samtidig er 40 prosent av kraftfôret importert.

Sjå også: Berekraftig fôr (forskningsradet.no)