Regjeringa og KS inngår ny samarbeidsavtale med ideell sektor
Nyhet | Dato: 30.09.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung besøker Diakonhjemmet onsdag 2. oktober for å signere ein ny samarbeidsavtale med KS og ideell sektor om leveranse av velferdstenester.
Avtalen er viktig for å synleggjere ideell sektor si rolle i velferda. Avtalen blir mellom anna utvida til å dekke heile velferdsområdet – inkludert skule og utdanning. Det vil også bli lagt opp til jamnlege dialogmøte for å ta opp problemstillingar der deltakarane kan dele kunnskap og erfaringar. Representantar frå KS, Virke, Frivillighet Norge, Ideelt Nettverk, Samfunnsbedriftene deltek på arrangementet.
- Stad: Diakonhjemmet, Konferansesalen, Diakonveien 14, Oslo
- Tid: 2. oktober klokka 10.00 - 11.30
- Kontakt: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets pressetelefon: +47 22 24 20 00