Regjeringa opprettar eit nytt likestillingssenter i Bergen
Pressemelding | Nr: 27/24 | Dato: 05.06.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa opprettar eit nytt likestillingssenter i region vest. Dette blir det femte senteret i Noreg som skal jobbe med likestilling, og dermed er alle regionane dekte.
– Vi vil at alle skal bli inkludert og ingen diskriminerast, og derfor fører regjeringa ein offensiv likestillingspolitikk. Opprettinga av eit nytt likestillingssenter på Vestlandet og i Bergen er viktig, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Frå før er det fire likestillingssenter i Noreg; Likestillingssenteret på Hamar, Likestillingssenteret KUN i Steigen i Nordland og i Steinkjer, Reform – Ressurssenter for menn i Oslo og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.
Likestillingssenteret KUN fekk i oppdrag å etablere eit nytt likestillingssenter i region vest, og no er det avgjort at senteret skal etablerast i Bergen. Arbeidet startar i vår og det er venta at senteret kan opne seinast 8. mars 2025. Regjeringa har sett av fire millionar kroner til senteret, og fortset difor aukinga til likestillingssentera.
Bergen er valt som plassering for senteret grunna nærleiken til universitetet, kunnskapsmiljø og organisasjonsliv.
Likestillingssentra og Reform skal drive langsiktig pådrivar- og utviklingsarbeid for likestilling.
Målgrupper er innbyggarar, offentleg, privat og friviljug sektor. Dei fem sentra skal vere oppdaterte på, utvikle og formidle kunnskap om likestilling når det gjeld alle diskrimineringsgrunnlag.
– Når vi no får på plass eit senter også i vest vil fleire kommunar få hjelp i arbeidet med likestilling og mangfald. Når folk møter manglande likestilling skjer det gjerne der dei bur eller i møte med offentlege tenester, eller i kontakt med næringsliv. Med kontaktpunkt som ligg nærmare der folk bur, håper eg at vi raskare kan finne løysingar på utfordringar folk møter i kvardagen, seier Jaffery.