Presseinvitasjon:
Regjeringa presenterer ny stortingsmelding om forebygging av ekstremisme
Pressemelding | Nr: 9/25 | Dato: 20.03.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet
Kultur- og likestillingsministeren og justis- og beredskapsministeren presenterer ei ny stortingsmelding om forebygging av ekstremisme fredag 21. mars.
Ny stortingsmelding om forebygging av ekstremisme

Sjå sendinga her
Den nye stortingsmeldinga følger opp utgreiinga til Ekstremismekommisjonen, som blei levert til regjeringa mars 2024.
Stad: Marmorhallen hos Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Tid: 21. mars kl. 12:00-13:00.
Påmelding: Vi ber alle frå presse om å melde seg med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no eller 902 31 093 (ikkje sms) innan 21. mars kl. 10:00.
Møt opp i god tid, og ha med gyldig legitimasjon som pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort. Unngå store bagar, sekker eller store vesker på grunn av inngangs- og tryggingskontroll.
Program:
- Diktopplesing ved Brynjulf Jung Tjønn
- Tale ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
- Tale ved justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen
- Ein-til-ein-intervju med presse
Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-videoproduksjon@dio.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.