Statsbudsjettet 2025

Regjeringa satsar på beredskap og sjølvforsyning

Regjeringa satsar på beredskap og sjølvforsyning i statsbudsjettet 2025. Eit av dei prioriterte områda er eit aktivt jordbruk over heile landet.

Regjeringa Støre har heilt sidan starten av regjeringsperioden, prioritert matvareberedskap. Dette er gjort ved mellom anna å prioritera eit aktivt jordbruk i heile landet og å satsa på eit beredskapslager for korn. I beredskapslageret skal det lagrast 15.000 tonn matkorn i året. Målet er at Noreg innan 2029 skal ha eit beredskapslager som svarar til eit forbruk på tre månader.

Ein meir uviss global situasjon viser verdien av eigen matproduksjon. Regjeringa har lagt fram ein plan for norsk sjølvforsyning og ei styrking av inntekta til bonden. Matproduksjon i heile landet er ein viktig føresetnad for beredskapen. Noreg har sett seg eit mål om å vera 50 prosent sjølvforsynt.

Auka inntekter for bonden

Ein føresetnad for auka beredskap og sjølvforsyning er den løpande matproduksjonen. Gjennom jordbruksoppgjeret har staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag blitt samde om ein jordbruksavtale som legg til rette for ein inntektsauke i jordbruket på 85.000 kroner per årsverk. Inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan dermed tettast med 60.000 kroner.

– Ein styrke ved den norske landbruksmodellen er at bondeorganisasjonane og staten sit rundt det same bordet og forhandlar om vilkåra for norsk matproduksjon, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Jordbruksavtalen 2024 hadde ei samla ramme på 3 015 millionar kroner. Av den auka ramma skulle auka løyvingar over statsbudsjettet finansiera 2 217 millionar kroner. På bakgrunn av mellom anna volumjusteringar i ettertid, blir det fremja forslag om ei løyving på 28 813 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025 over kapittel 1150.

– Under denne regjeringa har løyvingane over jordbruksavtalen auka med om lag 12 milliardar kroner, eller 67 prosent.

– Dette er ein god avtale for heile jordbruket, og han styrker produksjonsøkonomien. Mjølk, korn og grønt er prioritert, seier Pollestad.

Satsar i nord med ny tilskotsordning

Regjeringa satsar på arktisk landbruk. Det er mellom anna lagt ned ein innsats for å legga til rette for auka aktivitet i næringslivet i distrikta i nord. Her spelar landbruket inn som ein viktig aktør som byr på både busetting, sysselsetting og verdiskaping.

Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2025 framlegg om å etablera ei ny tilskotsordning for næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark.

Tilskotet er retta mot til bedrifter som brukar råstoff frå jordbruk og reindrift. Ramma til dette er sett til 14 millionar kroner. Regjeringa prioriterer òg 1 million kroner for å etablera eit beredskapslager for matmjøl i begge dei to nordlegaste fylka.

– Det er særleg viktig å bidra til forsyningstryggleiken for mat i Troms og Finnmark. Dette på grunn av dei lange transportavstandane, ulemper i verdikjeda og den geopolitiske situasjonen, seier Pollestad.

– Matproduksjon basert på norske ressursar bidreg til beredskap ved at det bur folk i heile landet. Ved å styrka næringsmiddelbedriftene, styrker me òg grunnlaget for jordbruket og reindrifta i fylka.

Lovgjeving om matkasting

Å redusera matsvinn er godt for både klimaet og miljøet. Saman med matbransjen har regjeringa som mål å halvera det nasjonale matsvinnet innan 2030. Hovudtiltaket for å få til det er Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. Bransjeavtalen er ein avtale mellom styresmaktene og private aktørar der ein pliktar seg til å redusera matsvinnet i alle ledd.

Matsvinnutvalet har i ein rapport som blei lagd fram i januar 2024 føreslått mange nye tiltak og verkemiddel for å nå dette målet. Regjeringa ynskjer i statsbudsjettet for 2025 å styrka verkemidla for å redusera matsvinnet i Noreg, og vil legga fram eit forslag til matkastelovgjeving for Stortinget våren 2025 og ta initiativ til å revidera og styrka bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.

– Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn har til no vore Noreg sitt viktigaste verkemiddel for å redusera det nasjonale matsvinnet.

– Regjeringa vil legga fram eit forslag til matkastelovgjeving for Stortinget våren 2025 med utgangspunkt i råd frå Matsvinnutvalet, og vil ta initiativ til å revidera og styrka bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.

Regjeringa har i tillegg gjort framlegg om å vidareføra stønaden til Matsentralen Norge med 25 millionar kroner.

Andre endringar:

Jordbruksfrådraget

Regjeringa gjer framlegg om å inflasjonsjustera jordbruksfrådraget. Framlegget gjev redusert skattebelasting for bonden.

Straumstøtte

Regjeringa har gjort framlegg om å vidareføra straumstøtteordninga for jordbruket, vatningslag og veksthus ut 2025.

Samfunnsoppdrag berekraftig fôr

Regjeringa føreslår å styrka innsatsen med 15 millionar kroner for å følgja opp det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr til oppdrettsfisk og husdyr. Midlane skal bidra til vidare framdrift og kontinuitet. Dei skal òg bidra til å legga til rette for ein heilskapleg og koordinert FOUI-innsats frå idé til marknad. Satsinga heng saman med regelverksutviklinga på området. Løyvinga blir fordelt mellom Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Gjødselregelverket

Ferdigstilling av gjødselregelverket som var på høyring våren 2024 er ei prioritert oppgåve. Regjeringa føreslår å løyva 8 millionar kroner til Landbruksdirektoratet for å utvikla forvaltingssystem som gjer kommunane og næringa i betre stand til å følgja opp eit nytt regelverk.

Dyrsku’n

Regjeringa gjer framlegg om å løyva 3 millionar kroner til Dyrsku’n i Telemark. Føremålet er å styrka arbeidet med å utvikla aktivitetar knytte til lokalmat, husdyr og jordbruk.

Mattilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å auka budsjettet til Mattilsynet med 20 millionar kroner. Midlane skal gå til mellom anna akvakultur, matsvinn og dyrevelferdsarbeid. Mattilsynet er også skjerma for effektiviseringskutt i dette budsjettet. Det er også framlegg om å auka budsjettet til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet med 2 millionar kroner for å nedkjempa villsvin.

Reindrift

Regjeringa gjer framlegg om å løyva 225 millionar kroner til å gjennomføra Reindriftsavtalen 2024/25. Regjeringa følgjer opp tiltakspakken for reindrift og energi, som blei lagd fram i desember 2023, og gjer  framlegg om å løyva 6 millionar kroner til tilskot til reindrifta for dei delane av verdiskapinga som kjem frå vindkraft. Regjeringa har òg gjort framlegg om ei løyving på 4 millionar kroner til arbeidet med å følgja opp staten sitt plikt om å finna eit tilleggsareal for reindrifta i Sør-Fosen og Nord-Fosen sijte.