Statsbudsjett 2024
Regjeringa satser på gründerar
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa legg fram en gründerpakke på 220 millionar kroner i 2024. Av desse går 70 millionar kroner til ei styrking av Innovasjon Noreg sine ordningar for etablerarar og vekstselskap. I tillegg foreslår regjeringa å sette av totalt 150 millionar kroner til investeringar i tidlegfasebedrifter gjennom Investinor.
– Skal vi lykkast med ei berekraftig omstilling av næringslivet er nyskapande bedrifter avgjerande. Målet vårt er at oppstartsbedrifter skal overleve over tid og vekse seg store, raskt. Vi treng fleire norske einhjørningar, det vil si oppstartsbedrifter som på rask tid blir verde over ein milliard dollar. Desse selskapa kan bidra med nye, smarte måtar å løyse ting på, som er særleg viktig i det grøne og digitale skiftet, og for verdiskaping og velferd. I gründerpanel og på innspillsmøte for gründerar blei det peika på tilgang til meir kapital. Derfor styrker vi nå Innovasjon Noreg og har øyremerka midlane til gründersatsinga, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Betre tilgang på risikokapital
Framvekst av nyskapande vekstbedrifter er sentralt for ei berekraftig og grøn vidareutvikling av verdiskapingsevna i Noreg. Slike selskap bidreg og til spreiing av kunnskap, nye forretningsmodellar, nye konsept og nye måtar å løyse ting på.
Auken på 70 millionar kroner vil bli nytta til landsdekkande etablerartilskot og oppstartslån, kompetanse- og nettverkstenester og andre ordningar som er retta særskilt mot etablerarar og unge bedrifter, og som fremmer grøn omstilling.
– Ordningane i verkemiddelapparatet skal vere utløysande og betre tilgangen på offentleg og privat risikokapital for oppstartselskap. Saman med finansieringsordningar har Innovasjon Noreg tilbod om rådgiving, kurs, mentorar og nettverksprogram i heile landet, seier Vestre.
Større tilskot, forenkla lånevilkår
Innovasjon Noreg har tidlegare i år innført fleire endringar i tilbodet til oppstartsselskap. Større tilskot og lån utan krav om kausjon med lengre nedbetalingstid, er blant forbetringane som blei innførde før sommaren. Endringane kom etter ei ekstern evaluering av Innovasjon Noreg sine ordningar for oppstartsfinansiering og dialog med oppstartsmiljø og bedrifter over heile landet. Endringane inneber at dei kan tilby oppstartsselskap med stort vekstpotensial tettare oppfølging over lengre tid.
150 millionar i ny investeringskapital i 2024
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å tilføre det statlege investeringsselskapet Investinor meir pengar til å investere i bedrifter i tidleg fase. I 2024 tilførast 150 millionar i ny investeringskapital. Dette er ei styrking på åtte millionar kroner samanlikna med tidlegare år, og bygger opp under satsinga på oppstarts- og vekstselskap i budsjettet.
– Samla vil regjeringa sine satsingar på gründer- og vekstselskap styrke det norske økosystemet gjennom auka tilgang til kapital, kompetanse- og nettverksaktivitetar. Dette skal medverke til at fleire bedrifter lykkast og at Noreg klarer å etablere ein meir robust næringsstruktur med fleire eksportnæringar og berekraftige bedrifter, seier Vestre.
Innovasjon Noreg si oppstartsfinansiering
Innovasjon Norge har nå innført ei faseinndelt oppstartsfinansiering. Finansieringa vil vere behovstilpassa med klare milepælar, knytt til stegvis utvikling av produkt og marknad, levert saman med kompetanse og nettverk.
- Oppstartstilskot 1 - marknadsavklaring
Finansiering for å avklare marknaden for ideen din, kartlegge kundane sine behov og om det finst ein betalingsvillig marknad for løysinga di. Det kan giast tilskot på inntil 200 000 kroner.
- Oppstartstilskot 2 - konseptutvikling og marknadsintroduksjon
Finansiering for å bygge bedrift, utvikle løysinga i samarbeid med reelle kundar, og etablere ein lønsam forretningsmodell. Det kan giast tilskot i to delar. Første del er på maksimalt 500 000 kroner, totalt tilskot i denne fasen er maksimalt 1 million kroner.
- Oppstartsfinansiering 3 - tilskot og lån til kommersialisering
Finansiering av organisasjonsutvikling, marknadsarbeid og forbetring av forretningsmodellen for å gjere bedrifta klar for kommersielle sal. Det kan giast lån eller tilskot på inntil 2 millionar kroner.
Til første og andre fase har Innovasjon Noreg eigne ordningar for oppstartsselskap frå distriktskommunar eller oppstartsselskap kor dagleg leiar og eigarar er studentar.
Innovasjon Noreg skal utløyse innovasjon i norsk næringsliv. Samtidig må tilskot frå Innovasjon Noreg følgje EØS-regelverket og ikkje vere konkurransevridande for tradisjonelle og etablerte verksemder. Ordninga er derfor retta mot selskap med innovative idéar, altså idéar som representerer noko vesentleg nytt i marknaden.