Regjeringa sender forslag til nye universitetsreglar på høyring

Frå 1. januar neste år skal Noreg få nye reglar for kva som skal til for å bli universitet. Målet er mindre byråkrati og universitetskrav som passar betre med landskapet for høgare utdanning, slik det ser ut i dag.

–  Vi treng reglar som sikrar at institusjonane kan bruke ressursane sine på å løyse behov i samfunnet, ikkje på å delta i ein unødig byråkratiserande konkurranse for å kunna kalle seg universitet. Vi har inga nytte av at det blir bygd opp flest mogleg doktorgradsutdanningar berre for å møte eit formalkrav, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

No sender han ut konkrete forslag til nye reglar for universitetsakkreditering på høyring:

– Mangel på kompetanse kan over dei neste åra bli ein alvorleg trussel mot velferd og verdiskaping i heile landet. I møte med dette har vi ikkje noko val: vi må kvalifisere ein større del av eiga befolkning. Skal vi nå alle, må vi ha universitet og høgskular i hele landet. Det er viktig for å bygge Noreg som kunnskapsnasjon , seier Hoel.

Dette er dei viktigaste forslaga:

  • I dag er det krav om fire doktorgradsprogram for å bli universitet. Regjeringa vil endre dette, og foreslår at det skal vere krav om minst eitt doktorgradsprogram. Institusjonen må ha doktorgradsutdanning som dekker det vesentlege av fagtilbodet. Dette gjer at institusjonar med eit breitt fagtilbod i praksis må ha meir enn éi doktorgradsutdanning.
  • Regjeringa foreslår å vidareføre kravet om stabil forskarutdanning innanfor det vesentlege av fagområda. Det inneber at institusjonen minst må uteksaminere fem doktorgradskandidatar per år over ein treårsperiode og ha tatt opp minst 15 doktorgradsstudentar per år i snitt over ein periode på fem år.
  • Dagens vitskapelege høgskular kan bli universitet etter ein forenkla prosedyre.

Høyringsfristen er 30.09. Planen er at nye reglar skal tre i kraft frå 1. januar 2025.

Slik ser universitetslandskapet ut i dag

  • 10 universitet
  • 9 vitskaplege høgskular, der 3 er private
  • 5 statlege høgskular
  • 6 private høgskular med institusjonsakkreditering
  • Høgskular med akkreditering for enkeltståande studietilbod