Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa sender Roseslottet på Noregsturné

Regjeringa foreslår eit tilskot på tre millionar kroner til Roseslottet slik at kunstutstillinga kan sendast på turné i heile Noreg.

Forsvarsminister Gram på besøk hos Roseslottet tidligere i mai i år
Forsvarsminister Gram på besøk hos Roseslottet tidligere i mai i år. Her med kustnarane bak utstillinga, brørne Vebjørn Sand og Eimund Sand. Foto: Trond Øvstedal, FD

Kunstutstillinga på Frognerseteren i Oslo, som viser nordmenn si kamp for fred og fridom under okkupasjonen frå 1940-1945, har vore ein publikumssuksess sidan opninga i 2020.

No ønsker regjeringa at resten av landet skal få glede av utstillinga.

– Roseslottet er ei unik kunstutstilling. Den er ei viktig påminning om vår eiga historie, om krigens øydelegging og liding, men òg om motstandskamp og mot. Parallellane til kampane i Ukraina gjer utstillinga spesielt relevant i dag. Eg er glad for at utstillinga no skal ut i heile landet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Regjeringa foreslår å gi eit tilskot på tre millionar kroner til Stiftinga Roseslottet, som skal sende vandreutstillinga på turné til 20 stader i Noreg – frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør – fram til hausten 2025.

– Neste år er det 80 år sidan frigjeringa av Noreg, og regjeringa vil at heile landet skal få moglegheit til å oppleve utstillinga om vår felles historie. Det er viktig å kjenne korleis nordmenn kjempa for vårt demokrati og fridom, seier forsvarsministeren.

Gram fikk omvisning av kunster og museumsbestyrer da han besøkte Roselottet.
Gram fikk omvisning av kunster og museumsbestyrer da han besøkte Roselottet. Foto: Trond Øvstedal, FD

Turneen byrjar i Kirkenes til hausten, og vil inkludere lokale tilpassingar og historier på dei ulike stadene. Frigjeringa av Noreg skjedde hovudsakeleg i 1945, men i oktober 1944 vart Aust-Finnmark frigjort frå okkupasjonen som den fyste delen av Noreg.

– Nord-Norge blei utsett for «den brente jords taktikk» under den tyske tilbaketrekningen. Å starte turneen i nord i haust er ein måte å vise respekt for dei som opplevde dette og minne om kampen deira for fred og fridom, seier Gram.

Resten av turnéplanen er like om hjørnet. Stiftinga annonserer kva stader som får besøk straks han er klar.

Roseslottet fekk i 2019 tilskot på til saman to millionar kroner frå Forsvarsdepartementet og Kulturdepartementet for å etablere utstillinga på Frognerseteren i Oslo.