Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa set i gang ny folkehelsekampanje for psykisk helse
Nyheit | Dato: 12.05.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa vil styrke den psykiske folkehelsa. Derfor blir «ABC for god psykisk helse - ein folkehelsekampanje» sett i gang. Målet er å auke befolkninga si kompetanse om psykisk helse, fremme god psykisk helse og førebygge psykiske lidingar.
– Vi veit at det å gjere noko aktivt, gjere noko saman med andre og gjere noko meiningsfylt har ei stor innverknad på menneske sin livskvalitet, også for dei som strever med psykiske plager. Samtidig kan desse aktivitetane verke beskyttande for å utvikle psykiske plager, og derfor ønsker vi no å bre ut folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Pilot i Trøndelag
ABC står for Act, Commit, Belong, og på norsk A: Gjer noko aktivt. B: Gjer noko saman, C: Gjer noko meiningsfylt. I første omgang vil Trøndelag fylkeskommune gjennomføre ein pilot som kan danne grunnlag for ein nasjonal folkehelsekampanje. Piloten er planlagd gjennomført i perioden 2022-2024.
Det er godt dokumentert at aktivitet, sosial tilhøyrsel og engasjement i meiningsfulle aktivitetar bidrar til å fremme god livskvalitet og psykisk helse. Eit viktig aspekt ved ABC til betre psykisk helse og god livskvalitet, er at den er egna til å bli tatt i bruk i mange settingar. Ein nasjonal opplysningskampanje vil gjere gjennomføringa av ABC-tenkinga i mange settingar enklare.
Behov for meir kunnskap
Gjennom mange år har vi hatt vellykka kampanjar om levevanar og fysisk helse. I dag veit dei fleste at det er skadeleg å røyke, sunt å mosjonere og helsebringande å ete frukt og grønt. For psykisk helse-området har vi ikkje hatt tilsvarande tydelege og synlege folkehelse-opplysningskampanjar. Det vil regjeringa gjere noko med gjennom ABC for god psykisk helse.
Ein folkehelsekampanje bygga på ABC vil dra nytte av eit solid kunnskapsgrunnlag frå omfattande forsking på psykisk helse, erfaringar frå Australia, Danmark, tiltak i Noreg og Folkehelsealliansen i Trøndelag.