Regjeringa sett i verk risikoreduserande tiltak for å sikre trygge adopsjonar
Nyheit | Dato: 19.06.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa vil ikkje stanse adopsjonar medan granskinga går føre seg, men vil skjerpe kontrollen med adopsjonar til Noreg.
– Hovudprioriteten til styresmaktene er at adopsjonar skal vere sikre og trygge. I fjor sette regjeringa ned eit uavhengig, ekstern granskingsutval for utanlandsadopsjonar. Det overordna målet er å få svar på om og eventuelt i kva omfang det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg, seier barne- og familieminister, Kjersti Toppe (Sp).
I januar tilrådde Bufdir på eige initiativ ein generell mellombels stans i alle utanlandsadopsjonar medan granskinga går føre seg. Departementet bad deretter Bufdir om ytterlegare informasjon for å få saka godt nok opplyst. Bufdir leverte ei oppdatert tilråding 15. april. Departementet har vurdert tilrådinga og konsekvensane, og sett på fleire ulike løysingar.
– Eg tek Bufdir sine tilrådingar på alvor, og vil følgje opp forslaga deira om å innføre risikoreduserande tiltak. Slik situasjonen er no, ser eg ikkje behovet for ein generell mellombels stans medan granskingsutvalet arbeider. Granskinga skal i hovudsak sjå på historiske adopsjonar, seier Toppe.
Departementet vil ha fleire risikoreduserande tiltak på adopsjonsfeltet. Mellom anna vil ansvaret for å kontrollere dokumenta i kvar enkelt adopsjonssak flyttast frå adopsjonsorganisasjonane til Bufdir.
Styrka kontroll
Det siste året er det innført innstrammingar i kontrollen med adopsjonar til Noreg. Departementet ga Bufdir i 2023 oppdrag om ein gjennomgang av alle formidlingsløyver for å sikre rettstryggleiken i adopsjonar. Bufdir har trekt tilbake eller avslått formidlingsløyva for åtte av landa Noreg har adopsjonssamarbeid med. Bufdir sine vedtak kan klagast inn til Barne- og familiedepartementet.
– Eg har forståing for at Bufdir sine vedtak har store konsekvensar for dei det rammar, men eg har eit ansvar for å sikre at alle adopsjonar er sikre og trygge. Bufdir har vurdert at det er forsvarleg å oppretthalde samarbeidet med enkelte land, og eg meiner at desse kan fortsette under god kontroll. Dei vedtaka som klagast inn til departementet vil få ei grundig og forsvarleg klagehandsaming, seier Toppe.
Noreg har i dag tre adopsjonsorganisasjonar. Dei har varsla at drifta deira er sterkt redusert av situasjonen. Departementet ønskjer å sjå på løysingar for adopsjonsorganisasjonane framover.
Fakta om prosessar på utanlandsadopsjonsområdet:
- Bufdir fekk i 2023 i oppdrag å gå gjennom dei konkrete formidlingsløyva til landa Noreg adopterer frå, for å få oppdatert informasjon om rettstryggleiken ved dagens samarbeid. Bufdir har trekt tilbake formidlingsløyva til Taiwan, Thailand, Filippinane og Madagaskar (2023), og Tsjekkia, Ungarn, Sør-Afrika og Peru (2024). Det er berre Colombia og Bulgaria som blir vidareført, i tillegg til at Sør-Korea har fått eit avgrensa fornya løyve. Departementet er klageinstans for Bufdir sine vedtak, og har motteke klage på avslag som gjeld samarbeidet med Filippinane, Madagaskar og Taiwan. Klagesakene vil få ei grundig handsaming i departementet.
- Regjeringa har nedsett eit uavhengig granskingsutval som skal vurdere om norske styresmakter har hatt god nok kontroll ved historiske utanlandsadopsjonar, og om det har skjedd ulovlege eller uetiske forhold ved adopsjonar til Noreg. Utvalet skal jobbe i 2 år (desember 2025).
- Januar 2024 tilrådde Bufdir på eige initiativ ein generell mellombels stans i alle utanlandsadopsjonar medan granskinga går føre seg. Departementet bad deretter Bufdir om ytterlegare informasjon for å få saka godt nok opplyst. Bufdir leverte ei oppdatert tilråding 15. april 2024. Departementet har vedteke å sette inn risikoreduserande tiltak for å sikre trygge adopsjonar, men ser ikkje grunnlag for ein generell mellombels stans.