Regjeringa sikrar rassikring av Trollstigen
Pressemelding | Dato: 01.07.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet, Samferdselsdepartementet
Trollstigen er ein viktig veg for reiseliv i Møre og Romsdal og eit ikon med stor verdi for heile Noreg. Regjeringa vil derfor bidra med pengar for å sikre at vegen kan opne igjen så fort som mogleg.
Trollstigen er eit nasjonalt turistmål med stor betydning for reiselivsnæringa nord på Vestlandet. Torsdag 20. juni blei den populære vegstrekninga stengd på grunn av steinsprang. Stenginga har resultert i at turistar har avbestilt planlagde turar til Noreg og Trollstigen i år.
Det er behov for strakstiltak for å hindre at stenginga også påverkar planlagde besøk neste år. Trollstigen er en fylkesveg. Det er i utgangspunktet fylkeskommunen sitt ansvar å halde vegen ved like. Men fordi han er ein av våre viktigaste turistattraksjonar, og heilt avgjerande for næringslivet i området, vil regjeringa bidra med 40 millionar kroner for å hjelpe fylkeskommunen med å sikre vegen.
− Dette er ein viktig veg for reiselivet som sjølve grunnlaget for mange serveringsstadar og anna lokalt næringsliv. Vi forstår at dette er ei stor utgift for fylkeskommunen og at kravet om store utgifter kom brått på. Fordi dette er eit nasjonalsymbol for Noreg og fordi vegen har ringverknadar langt utanfor Møre og Romsdals grenser, meiner vi staten denne gongen skal stille opp for å få vegen opna så fort som mogleg, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er glad for at staten no kan bidra til ei løysing:
− Trollstigen er ein av dei mest kjende turistdestinasjonane i Noreg, og det er stor interesse for vegen i både inn- og utland. Attraksjonen er viktig for at folk skal kunne bu og jobbe i området. Vi vel derfor å hjelpe fylkeskommunen i gang med pengar til strakstiltak for sikring av Trollstigen for å sikre oppstart så raskt som mogleg. Deretter må fylkeskommunen finne pengar og gode løysingar for vegen på sikt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.