Regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet

Adresse: Glacisgata 1, Oslo

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Jonas Gahr Støre innleiar på eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er sysselsetting av ukrainske flyktningar.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1, og pressa har tilgang i den første delen.

Kl. 16.00: Statsministeren held innleiing

Kl. 16.05: Ein eller fleire ukrainske flyktningar og deira arbeidsgjevarar fortel om korleis dei kom i jobb og kva for utfordringar dei møtte. Pressa kan vere til stades på denne delen av møtet.

Kl. 16.20: Pause, statsministeren og andre møtedeltakarar er tilgjengelege for intervju i venteområdet utanfor møterommet.

Kl. 16.40: Møtet held fram utan presse til stades.

Kl. 17.45: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen er tilgjengeleg for pressa i venterområdet utanfor møterommet.

På møtet vil arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen legge fram ein rapport om arbeidet med å få ukrainske flyktningar ut i jobb. Denne rapporten vil bli tilgjengeleg for pressa.

Oppmøte for presse som vil vere med på første delen av møtet seinast kl. 15.30. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag 22. august kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

For dei som vil delta på pressetreff etter møtet, ca. kl. 17.45, er det oppmøte seinast kl. 17.15. Det er høve til å vente i foajeen på SMK for dei som har vore med på første del av møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.