Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2024
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre, Jan Christian Vestre, Jon-Ivar Nygård, Ingvild Kjerkol, Terje Aasland, Sandra Borch, Anette Trettebergstuen, Anne Beathe Tvinnereim, Kjersti Toppe, Emilie Enger Mehl, Bjørnar Selnes Skjæran, Ola Borten Moe, Marte Mjøs Persen, Bjørn Arild Gram, Espen Barth Eide, Anniken Huitfeldt, Trygve Slagsvold Vedum, Tonje Brenna, Sigbjørn Gjelsvik
Stad: Klækken hotell
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2024 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.
Budsjettkonferansen varer frå 5. til 7. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering søndag kl. 10.15 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.45.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 3. mars kl. 16.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Lars Vangen, telefon 99 24 01 87, e-post lars.vangen@fin.dep.no.