Statsbudsjettet 2024

Regjeringa styrker Merkur-programmet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Merkur-programmet med 8,2 millionar kroner, for å bidra til å oppretthalde daglegvarebutikkar i dei minste lokalsamfunna.

Merkur-programmet gir dei minste butikkane i distrikta støtte til investeringar og til å utvikle verksemda.

– Det er stor etterspurnad etter verkemidla til Merkur-programmet. Regjeringa går derfor inn for å auke løyvinga til Merkur-programmet i budsjettframlegget for 2024, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Merkur-butikkane bidreg til å oppretthalde eit godt og mangfaldig tenestetilbod i dei minste bygdene. Dette er butikkar som elles ville hatt store utfordringar med å overleve. Butikkane er viktige, både for fastbuande og tilreisande. I tillegg til å levere naudsynte daglegvarer er Merkur-butikkane også møteplassar, og dei bidreg i beredskapen i mange bygder når noko uventa skjer.

– Mange Merkur-butikkar ønsker å investere i ny teknologi. Butikkane satsar på nye løysingar som gir eit betre tenestetilbod til kundane, og ei meir effektiv drift. Tilskota som bidreg til etablering av delvis sjølvbetente og døgnopne Merkur-butikkar er svært etterspurde, seier Gjelsvik.

Ei fersk brukarundersøking av Merkur-programmet syner  svært positive resultat. 93 prosent av dei som har svart, seier at deltakinga i programmet er viktig for butikken si overleving og lønsemd.

– Merkur-programmet er eit effektivt distriktspolitisk verkemiddel, som bør vidareutviklast i åra som kjem, seier Gjelsvik.

Regjeringa vil derfor styrke Merkur-programmet, og foreslår ei løyving på 69,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22242500
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no