Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa styrker oppfølginga av veteranar
Nyheit | Dato: 14.05.2024 | Forsvarsdepartementet
Regjeringa følgjer opp tiltaksplanen for anerkjenning, ivaretaking og oppfølging av veteranar, og foreslår 6,25 millionar kroner til ulike tiltak i revidert nasjonalbudsjett. Veteranar som har tent Noreg fortenar god oppfølging og ivaretaking. Difor foreslår regjeringa blant anna å auke kapasiteten ved Forsvarets veteransenter med nærare 50 prosent.
− Folk er sjølve bærebjelken i Forsvaret. For regjeringa er det viktig å sørge for at alle veteranane som gjer ein uvurderleg innsats for Noreg får den anerkjenninga dei fortener, og at dei blir ivaretatt. Forsvarets veteransenter er eit populært tilbod som vi ønsker å styrke og gjere tilgjengeleg for enda fleire, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Forsvarets veteransenter ved Bæreia tilbyr i dag ei rekke rekreasjons- og fritidsaktivitetar for veteranar som deltek i internasjonale operasjonar og familiane deira. Regjeringa foreslår å løyva tre millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til å auke kapasiteten ved veteransenteret med rundt 50 prosent.
I tillegg skal 1,5 millionar kroner gå til å starte arbeidet med å etablere ein kompetanseportal for veteranfeltet. Forskinga ved Forsvarets helseregister styrkjast også med ei løyving på 1,5 millionar kroner. Dei resterande 0,25 millionane vil gå til Forsvarets arbeid med å hjelpe helsesektoren med digitalisering av kurs og kompetansehevande tiltak.