Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa styrker veterinærutdanninga
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Kunnskapsdepartementet
For å møte veterinærmangelen rundt i landet, foreslår regjeringa å løyve 1,6 millionar kroner til ti studieplassar på veterinærmedisin ved NMBU.
– Vi veit at mange norske kommunar slit med å få tak i nok veterinærar. For å ha eit levande jordbruk i heile landet er vi avhengige av å utdanne fleire dyktige veterinærar. Derfor foreslår regjeringa ti studieplassar til veterinærutdanninga på Ås., seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Aukande veterinærmangel
Behovet for fleire veterinærar til klinisk praksis har auka markant dei siste åra, spesielt for produksjonsdyr i jordbruket. Mange kommunar melder òg om utfordringar med å rekruttere til den kliniske veterinærvakta, og til behandling av produksjonsdyr på dagtid. Aller størst er utfordringane i område med store reiseavstandar og få husdyrbesetningar.
I rapporten Tilgang på veterinærtjenester i Norge (2023) er eitt av dei anbefalte tiltaka nettopp auka utdanningskapasitet ved NMBU. Med dette forslaget bidrar regjeringa til at NMBU kan oppretthalde studiekapasiteten i veterinærmedisin.
Regjeringa vurderer behovet for forslag om ytterlegare løyvingar til studiekapasitet i dei årlege budsjetta.