Regjeringa tek grep for å frigjere kapasitet i NOKUT
Nyheit | Dato: 09.04.2024 | Kunnskapsdepartementet
Frå 1. januar 2025 skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse overta ansvaret for dei nasjonale spørjeundersøkingane om studiekvalitet. Det gjeld studiebarometera og undervisarundersøkingane.
Arbeidet med studiekvalitet skal styrkast og samlast i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). HK-dir får eit overordna koordineringsansvar for statistikk, analyse og informasjonsarbeid om studiekvalitet i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning frå 2025. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) skal bli meir reindyrka som eit fagleg uavhengig organ med akkrediterings-, tilsyns- og evalueringsoppgåver.
– Denne endringa er eitt av fleire strukturelle grep vi tek for å auke studiekvaliteten. No samlar vi oppgåver som naturleg høyrer saman, og vi frigjer viktige ressursar i NOKUT, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Betydninga for NOKUT og HK-dir
Oppgåva med evalueringar av studiekvalitet blir verande i NOKUT. Det er ei lovheimla oppgåve som føreset fagleg fristilling. Flytting av ansvar og arbeidsoppgåver frå NOKUT til HK-dir inneber ikkje endringar i nivåa på driftsbudsjetta for dei to verksemdene.
I statsbudsjettet for 2024 overførte regjeringa 200 millionar kroner til universiteta og høgskulane for å styrke det desentraliserte og fleksible studietilbodet. Pengane blei flytta frå program og tilskotsordningar som HK-dir forvalta. Dermed blir det frigjort kapasitet i HK-dir knytt til avvikling av tilskotsordningar.