Statsbudsjettet 2024

Regjeringa tek grep for å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Fleire enn før står no utanfor dei viktige fellesskapa som kulturen, idretten og frivilligheita gir. Regjeringa aukar difor innsatsen for at alle barn og unge skal oppleve å høyre til, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

I haust startar regjeringa arbeidet med å lage ein handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar. Regjeringa inviterer organisasjonar på feltet og alle gode krefter med i arbeidet som skal vere ferdig våren 2024. I budsjettet foreslår regjeringa 10 millionar kroner til å følgje opp tiltak.  

Idretten og kulturtilbodet skal være like tilgjengeleg for alle barn uavhengig av kven du er og kor du bor. Slik er det ikkje no, og difor tek regjeringa fleire grep i kulturbudsjettet for 2024.

– Det er vondt at ikkje alle barn og ungdom får delta med vennar i aktivitetar på fritida. Ein tredel av barna som lever i familiar med lav inntekt, lite utdanning og spinkelt nettverk deltek ikkje i faste fritidsaktivitetar. Det er for mange, og forskjellane berre aukar. No må vi gjere ein skikkeleg innsats for å snu utviklinga, seier Jaffery.

Kulturopplevingar er også skeivt fordelt – mellom anna utifrå kvar ein bur. Derfor foreslår regjeringa 4 millionar kroner til Det Norske Teatret si satsing i Groruddalen og arbeidet med å nå eit yngre publikum i området, samt 1,35 millionar kroner i eingongstilskot til det same prosjektet. Samstundes foreslår regjeringa ei auke i bevillinga til Bygdekinoen, for å styrke kinotilbodet i Finnmark. Det blir også foreslått 1 million kroner til Turnéteatret i Trøndelag til å auke omreisande aktivitet i fylket.

Regjeringa vil også bidra til ein meir tilgjengeleg og inkluderande dataspelkultur, og foreslår å gi 600 000 kroner til Spillhuset Bergen.