Revidert nasjonalbudsjett:
Regjeringa tilrår å auke tilleggskompensasjon for ressurskrevjande tenester
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa varslar no at tilleggskompensasjonen til mindre kommunar med høge utgifter til ressurskrevjande tenester aukar med 25 millionar kroner, frå 55 millionar kroner til 80 millionar. – Eg er glad for at vi styrker overføringane til dei kommunane med høge utgifter knytt til ressurskrevjande tenester, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
I statsbudsjettet for 2022 vert det utbetalt 55 millionar kroner til kommunar med under 3200 innbyggjarar som har spesielt høye utgifter til ressurskrevjande tenester. Pengane vert utbetalt til kommunane saman med den ordinære utbetalinga i toppfinansieringsordninga i juli. I budsjettet til hausten vil regjeringa foreslå å auke storleiken på tilskotet til 80 millionar kroner.
− Toppfinansieringsordninga en ei god ordning for kommunane. Med styrking av tilleggskompensasjonen legg vi betre til rette for at dei mindre kommunane med høge utgifter kan gi gode tenester til innbyggjarar med store behov, seier Gjelsvik.
Tilleggskompensasjonen gjeld for kommunar med under 3200 innbyggjarar, som har lågare skatteinntekter enn 120 prosent av landsgjennomsnittet dei siste tre åra og som har spesielt høge eigendeler per innbyggjar til ressurskrevjande tenester.
Eigendelane er netto lønsutgifter som kommunane rapporterer i den ordinære toppfinansieringsordninga, men som ikkje blir dekt av toppfinansieringstilskotet. Kommunar med høge eigendeler får dekt 80 prosent over ein terskelverdi.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00