Statsbudsjettet 2024

Regjeringa trappar opp satsinga på litteratur, leselyst og språk

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Å få barn og unge til å lese meir, er ei prioritert oppgåve for regjeringa. Vi jobbar på fleire frontar for å auke leselysta og no vil vi styrke tilgangen til variert litteratur der barn og unge er, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Som ein del av satsinga på litteratur og leselyst foreslår regjeringa no å styrke litteraturstøtteordningar i Kulturrådet med 7 millionar kroner.

Pengane skal gå til skulebibliotekordninga som bidreg til innkjøp og distribusjon av nye bøker til skulebibliotek i grunnskulen, og til produksjon og innkjøp av nye, norske teikneseriar til distribusjon i folkebibliotek og skulebibliotek.

Leselyststrategien kjem i 2024 og er eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Også Kunnskapsdepartementet set av pengar til leselyst i sitt budsjett.

– Litteratur og lesing er rett og slett viktig for demokratiet. Det gir ikkje berre gode opplevingar for den enkelte, men handlar også om deltaking i samfunnet,  ytringsfridom og utvikling av språket vårt, seier Jaffery.

Regjeringa arbeider for at norsk framleis skal vere eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, også på digitale flater. Derfor foreslår å auke støtta mellom anna til Nasjonalbibliotekets utvikling av grunnlagsressursar for språkteknologi med 3 millionar kroner.

– Ei av dei største språkpolitiske utfordringane i vår tid er å sikre at maskiner kan «forstå» og «uttrykke seg» på bokmål, nynorsk og norske dialektar. Derfor blir arbeidet med utvikling av språkressursar og språkteknologi for bruk i maskiner, programvare og kunstig intelligens, stadig viktigare, seier kultur- og likestillingsministeren.

1 million kroner går også til Nynorsk pressekontors arbeid med å vedlikehalde og utvikle kvaliteten på «Nynorskroboten».

Regjeringa har vidare foreslått eit tilskot på 4 millionar kroner til Kvääniteatteri, og eit eingongstilskot på 2 millionar kroner til Samisk arkiv og Divvun til eit forprosjekt om samisk språkutvikling og tilgjengeleggjering av samiske lydarkiv. Dette er tiltak som er viktige for å utvikle og ta vare på kvensk språk og dei samiske språka.