Regjeringa utbetaler 268 millionar kroner til Hans-råka kommunar
Pressemelding | Dato: 29.02.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunar som vart råka av ekstremvêret Hans får denne veka utbetalt 268 millionar kroner i skjønstilskot. Med det har Kommunal- og distriktsdepartementet utbetalt om lag 1 milliard kroner etter ekstremvêret.
– Vi har heile tida vore tydelege på at regjeringa stiller opp for kommunar og fylkeskommunar som blei råka av ekstremvêret i fjor sommar. Vi har no utbetalt til saman 972 millionar kroner etter Hans. Dette er ein historisk høg kompensasjonssum etter ei naturhending, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Den første utbetalinga kom rett før jul i fjor, då fekk 22 kommunar og 2 fylkeskommunar 704 millionar kroner i kompensasjon . No har departementet behandla søknadane frå dei kommunane som ikkje fekk svar før jul, og 12 kommunar får no utbetalt til saman 268 millionar kroner.
– Nokre søknadar har vore meir krevjande å behandle enn andre, og det var derfor nødvendig for departementet å bruke litt lengre tid på desse for å sikre forsvarleg saksbehandling, seier Sande.
I fjor blei det løyva 1,7 milliardar kroner ekstra til skjønsmiddelordninga i kompensasjon etter ekstremvêret. Midlane som ikkje blei utbetalt i 2023, blei overført til 2024. Dette kjem i tillegg til andre tilskotsordningar, som til dømes tilskotsordninga til flaumsikringstiltak frå Norges vassdrags- og energidirektorat.
– Kommunar og fylkeskommunar kan få delvis kompensasjon for utgiftene til å handtere den akutte krisesituasjonen, til å rydde opp og til reparasjon av kommunal infrastruktur. I samband med Hans kan òg kostnader til opprydding på anna enn kommunal infrastruktur bli dekka innafor ordninga, dersom kostnadene ikkje blir dekt av andre ordningar, seier Sande.
Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt Retningslinjene for skjønnstildelinga til grunn for behandling av søknadar. Fleire kommunar har søkt om å få dekka kostnadar knytt til uavklarte forhold, til dømes uoppdaga skader, uavklart finansiering, forsikringsoppgjer eller eigarforhold. Departementet har ikkje inkludert kostnadar til desse forholda i grunnlaget for kompensasjon no. Viss kommunane får auka kostnader når desse forholda er avklart, har dei moglegheit å sende inn tilleggssøknadar til departementet. Kommunane kan òg som vanleg søkje om ytterlegare tilskot i samband med sluttrapportering på bruken av skjønsmidlane, basert på endeleg rekneskap.
Tabellen under viser fordelinga av midlane som no blir utbetalt til dei 12 kommunane.
Kommune |
Utbetalt beløp |
3236 Jevnaker |
4 600 000 |
3310 Hole |
1 200 000 |
3405 Lillehammer |
9 300 000 |
3419 Våler (Innlandet) |
51 700 000 |
3424 Rendalen |
500 000 |
3436 Nord-Fron |
26 900 000 |
3437 Sel |
20 000 000 |
3446 Gran |
98 700 000 |
3447 Søndre Land |
6 400 000 |
3448 Nordre Land |
27 400 000 |
3449 Sør-Aurdal |
10 400 000 |
3451 Nord-Aurdal |
10 800 000 |
Sum |
267 900 000 |