Regjeringa vil auke løyvinga til barnevernet

Regjeringa vil auke løyvinga til det statlege barnevernet i statsbudsjettet 2024 for å vareta bistandsplikta.

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) har etter barnevernslova ei absolutt plikt til å finne ein eigna institusjonsplass eller fosterheim når kommunane ber om dette. Dei kan ikkje avslå kommunen sin førespurnad, verken av økonomiske eller faglege grunnar.

Samanlikna med tal i revidert nasjonalbudsjett er det eit auka behov for kjøp av private institusjonsplassar, både frå kommersielle og ideelle leverandørar. Fleire barn har større behov, meir utfordringar og krev meir oppfølging.

Einskilde kjøp har høgare priser i marknaden enn dei eksisterande alternativa. Dette meirbehovet utgjer 440 millionar kroner. Det er òg ei auke i talet på barn i private beredskapsheimar. Dette utgjer om lag 18 millionar kroner i kostnadar.

– Barn som treng omsorg og støtte fordi dei ikkje kan bu heime, har rett til hjelp og skal få det. Vi har styrka grunnkapasiteten i det statlege barnevernet, samstundes melder barnevernstenestene om at barn har større behov, meir utfordringar med rus og krev meir oppfølging, som igjen fører til behov for fleire einskilde kjøp av institusjonsplassar, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Regjeringa legg derfor fram for Stortinget ein proposisjon med forslag om å auke utgiftsløyvingane til det statlege barnevernet på kap. 855 med 458 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024.

Samstundes blir det foreslått å auke inntektene på kap. 3855 med 75 millionar kroner i 2024, da inntektene frå dei kommunale eigendelane er venta å vere 75 millionar kroner høgare enn gjeldande budsjett.

Les Prop. 4 S (2024–2025).