Regjeringa vil betre tilhøva for villrein i Noreg
Nyheit | Dato: 05.10.2022 | Klima- og miljødepartementet
Utviklinga for villreinen i Noreg har over lang tid gått i feil retning. Regjeringa har difor vedtatt å lage ei stortingsmelding og tiltaksplanar for dei einskilde nasjonale villreinområda. Her vil vil regjeringa vurdere kva for grep som må tas for å berge villreinen.
-Det er eit stort behov for å betre tilhøva for villreinen i Noreg. Det er naudsynt for å sikre at arten overlever. Det er gjort mykje for villreinen dei seinaste åra, men det har ikkje vore tilstrekkeleg. Med stortingsmeldinga ynskjer vi å involvere breitt, og løfte debatten om korleis me skal ivareta villrein i framtida, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Som ledd i arbeidet med stortingsmeldinga vil det og bli igangsett arbeid med tiltaksplanar for dei ti nasjonale villreinområda etter kvalitetsnorma for villrein.
Dei siste 15 åra er det gjennomført fleire store grep for å betre forholda for villreinen, slik som etablering av Norsk Villreinsenter, oppretting av regionale planar for villreinfjella, og etablering av europeiske villreinregionar med eit eige verdiskapingsprogram. Til tross for dette, har situasjonen for villrein samla sett blitt verre.
-Over 90 prosent av den europeiske villreinen held til i høgfjellet frå Trondheimsfjorden og sørover. Noreg har difor ikkje berre eit nasjonalt ansvar, men og eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen. Det store arbeidet vi har foran oss for å betre tilhøva, kan miljøstyresmaktene ikkje løyse åleine. Her skal alle dei involverte sektorane jobbe saman og gjere sin del av jobben. Det er openbart at villreinen treng kraftfulle tiltak for å betre situasjonen, seier Eide.
Klassifiseringa av dei nasjonale villreinområda som vart lansert i vår syner at heile seks av dei ti områda er av dårleg kvalitet. Ingen område er vurdert å ha god kvalitet.