Regjeringa vil bruke 250 millionar kroner på investeringar i Ukraina

Det statlege investeringsfondet Norfund får tilført 250 millionar kroner til å investere i Ukraina. Krigen held fram, men næringslivet må trekkjast med i gjenreisinga av Ukraina.

– Den russiske angrepskrigen mot Ukraina har ført til enorme materielle skadar på bustader, skular, vegar og energiinfrastruktur. Ukraina treng investeringar for å byggje opp att det russiske angrep har øydelagt, og for å byggje opp samfunnet i eit fritt og sjølvstendig Ukraina. Difor vil regjeringa leggje til rette for at 250 millionar kroner kan nyttast til å investere i Ukraina, seier utanriksminister Espen Barth Eide.  

Regjeringa foreslår i nysalderinga av statsbudsjettet for 2024 å tilføre 250 millionar kroner  til Norfund, det statlege investeringsfondet for næringsverksemd i utviklingsland. Midlane  blir overførte til eit nytt Ukraina-fond forvalta av Norfund og finansiert over Nansen-programmet for Ukraina. Norfund vil investere langsiktig i Ukraina. Investeringane skal medverke til utvikling av berekraftig næringsverksemd og jobbskaping.  

– Eg har stor tiltru til at Norfund vil bidra til investeringar som elles ikkje ville blitt gjennomførte som følgje av den høge risikoen i Ukraina, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim. Ho er statsråden som er ansvarleg for Norfund.

Fondet skal nytte verkemiddel som eigenkapital, lån og garantiar. Norfund vil utnytte opparbeidd investerings- og marknadskompetanse. Investeringane vil skje med utgangspunkt i Norfunds etablerte forretningsområde, som er fornybar energi, finansiell inkludering, vekstkraftige verksemder, til dømes investeringar i verdikjeder for landbruk og grøn infrastruktur.