Regjeringa vil bygge Noregs arktiske universitetsmuseum i Tromsø sentrum
Pressemelding | Dato: 13.01.2025 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa har no vedteke at Noregs arktiske universitetsmuseum skal få heilt nye lokale i Tromsø sentrum.
– Dette er startskotet for eit splitter nytt museumsbygg, som vil få stor betydning for Tromsø som kunnskapsby. Her skal sentrale deler av vår felles kulturarv formidlast til både lokalbefolkninga og dei stadig fleire turistane. Det arktiske, det samiske og det kvenske er sentrale deler av det som gjer Noreg unikt, og no skal vi få ein formidlingsarena som står i stil med kor viktig dette er for nasjonen. Eg gler meg stort til å følge med på utviklinga av det nye museet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
– Dette er eit viktig bidrag til sentrums- og næringsutvikling i Tromsø. Det nye museet vil gjere sentrum meir attraktivt, både for oss som bur i Tromsø, men også for alle turistane som kjem til byen. Regjeringa følger no opp Byvekstavtalen, kor vi vil plassere besøksintensive verksemder i sentrum, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).
Vegen vidare mot nytt museum
Prosjektet har vore gjennom konseptvalsutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1). På bakgrunn av dette har regjeringa valt konsept, som er grunnlag for vidare prosess.
Neste skritt i prosjektet er at Statsbygg og UiT Noregs arktiske universitet må utforme detaljane gjennom ein avklaringsfase og i eit forprosjekt. Det handlar om å klargjere mål, kostnadsestimat og rammer. Deretter må prosjektet bli lagt fram for Stortinget for ei eventuell avgjerd om oppstartsløyving. Før bygginga kan starte opp må Stortinget løyve pengar.
– Regjeringa vil legge opp til at desse prosessane blir gjennomført så raskt som mogleg, seier Hoel.