Regjeringa vil gjeninnføre kollektiv søksmålsrett

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Regjeringa sender på høyring eit forslag om å gjeninnføre kollektiv søksmålsrett ved ulovleg innleige.

– Dette er eit viktig grep for å gi meir makt til arbeidstakarsamanslutningane, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (AP). – Regjeringa har vore tydeleg på at me vil gjeninnføre søksmålsretten. Det skal straffe seg å bryte innleigereglane, og dette blir det første grepet for å luke bort dei useriøse aktørane, seier statsråden.  

Kollektiv søksmålsrett gjer fagforeiningane rett til å reise søksmål om ulovleg innleige. Fagforeiningar kan reise sak i eige namn dersom dei meiner det er brot på innleigereglementet i verksemder som har leigd inn arbeidstakarar frå bemanningsforetak.

– Kartlegging og undersøkingar viser at det framleis skjer enkelte brot på innleigereglane. Kollektiv søksmålsrett vil vere med på å bidra til at ein i sterkare grad vil følgje regelverket om ulovleg innleige, seier arbeids- og inkluderingsministeren. – Innleige og midlertidige stillingar som fortrenger faste tilsetjingar skaper større forskjellar i arbeidslivet og gjer folk utrygge. Derfor har det vore viktig å ta grep kjapt, seier statsråden.

Det er tidlegare varsla at regjeringa fjernar den generelle tilgangen i arbeidsmiljølova til midlertidige stillingar. I tillegg til gjeninnføringa av kollektiv søksmålsrett er dette det første av fleire grep regjeringa vil gjere for å gje arbeidsfolk meir makt.  

No sender Arbeids- og sosialdepartementet på høyring forslaget om kollektiv søksmålsrett, med høyringsfrist 14. desember.