Statsbudsjett 2024
Regjeringa vil gjere offentleg pengebruk grønare
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa har skjerpa krava for offentlege anskaffingar, og frå 1. januar skal klima- og miljøomsyn som hovudregel vektast med minimum tretti prosent. No følgjer regjeringa opp i statsbudsjettet, og føreslår å løyve 10 millionar kroner til å heve kompetansen hos innkjøparane.
- Om vi bruker innkjøpsmuskelen riktig, kan offentlege innkjøp bidra til grøne, innovative løysingar som kjem til nytte både for offentleg og privat sektor, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
I 2022 kjøpte det offentlege bygge- og anleggsarbeid, varer og tenester for over 740 milliardar kroner. Korleis desse pengane nyttast, påverkar marknadsåtferda til private verksemder og kor grøn og innovativ offentleg sektor og næringslivet blir.
- Noreg skal meir enn halvere utsleppa innan 2030. For å få til det må vi spele på lag med næringslivet og ta i bruk alle gode verkemiddel. Vi vil at det offentlege skal kjøpe gode løysingar som er klima- og miljøvennlege, og slik vere med på å fremme berekraftig omstilling, seier næringsminister Vestre.
Den auka løyvinga skal gå til Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) som skal byggje opp kompetansen om klima- og miljøvennlege anskaffingar hos innkjøparane.
Skal bli betre kjent
Styrkinga av DFØ med 10 millionar kroner er eitt av regjeringa sine tiltak knytt til grøn omstilling. DFØ skal byggje opp kompetansen om klima- og miljøvennlege anskaffingar hos innkjøparane, og gjere rettleiingsmateriell om grøne offentlege innkjøp meir brukarvennleg og betre kjent. Arbeidet med å utvikle statistikk og styringsinformasjon om grøne offentlege innkjøp blir òg vidareført.
Satsinga vil forsterke det eksisterande kompetansemiljøet på området, og hjelpe oppdragsgivarar på alle nivå med oppfølging og rettleiing.
Rettleiing om miljøvennlege offentlege innkjøp
Offentleg etterspurnad etter klima- og miljøvennlege løysingar kan bidra til å styrkje marknadane for berekraftige varer og tenester. Slik kan offentlege innkjøp vere ein motor for grøn omstilling. Føresetnaden er at innkjøpa blir brukte på ein god måte. Det krev kompetanse hos innkjøparane. DFØ skal difor styrkje arbeidet sitt med grøne offentlege innkjøp.
Nytt regelverk
Frå 1. januar 2024 trer forskriftsendringar om krav til 30 prosent vekting av klima og miljø i offentlege innkjøp i kraft. DFØ sitt arbeid skal bidra til å rettleie om nytt regelverk og byggje opp kompetansen om klima- og miljøvennlege innkjøp hos innkjøparane.
- Regjeringa oppnemnte 4. november 2022 eit offentleg utval som skal revidere innkjøpsregelverket. Anskaffingssutvalet sine utgreiingar blir lagde fram i november 2023 og mai 2024. Utvalet er bede om å vurdere tiltak som bidreg til at samfunnet blir omstilt i meir berekraftig retning.
- Forskrifta om 30 prosent vekting av klima- og miljøomsyn i offentlege innkjøp trer i kraft 1. januar 2024. Formålet er at klima- og miljøkrava skal bidra til at marknaden utviklar grøne og innovative løysingar.
- Det vil bli auka behov for rettleiing for å følgja opp forskrifta og arbeidet frå lovutvalet som reviderer innkjøpsregelverket.