Regjeringa vil ha betre samordning mellom barnevernslova og barnelova

Regjeringa sender no på høyring eit forslag om å få til ei betre samordning mellom barnevernslova og barnelova. Hovudforslaget er at barneverns- og helsenemnda får kompetanse til å overføre barnets faste bustad til den andre forelderen dersom vilkåra for omsorgsovertaking er oppfylt. Dette vil gi ei meir spesialtilpassa løysing av slike saker. Forslaga vil styrkje omsynet til barnets beste, ved å forenkle prosessane, og gjere det enklare å sjå heilskapen og finne gode løysingar.

I dag er det slik at der ein forelder mistar omsorga for eit barn etter barnevernslova, har barnevernet høve til å plassere barnet mellombels i fosterheim hos den andre forelderen. Det er noko kunstig ved at ein forelder skal vere fosterheim for sitt eige barn.

Vidare blir ikkje spørsmålet om barnets faste bustad endeleg avgjort ved fosterheimsplassering hos den andre; det er nødvendig at foreldra anten blir einige om å bytte fast bustad eller at saka avgjerast av retten etter barnelova. Det blir dermed to prosessar til handsaming i ulike instansar meir eller mindre parallelt.

– Desse såkalla «dobbeltsporsakene» er tid- og ressurskrevjande, og dagens ordning kan også i seg sjølv vere ei påkjenning for barn og foreldre, som allereie er i ein sårbar situasjon. Betre samordning på tvers av lovverka vil gjere det enklare å sjå heilskapen og kva som er den beste løysinga for barnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Utgreiinga er levert av professor Kirsten Sandberg ved Universitetet i Oslo. På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har ho sett på korleis ein betre kan samordne saker der barn og foreldre på same tid er involvert i ei foreldretvistsak etter barnelova og ei sak om tvang etter barnevernslova.

Utgreiinga sitt hovudforslag er at barneverns- og helsenemnda, som handsamar barnevernssaker, også skal kunne overføre barnet sin faste bustad til den andre forelderen i saker der vilkåra for omsorgsovertaking er oppfylt.

Til skilnad frå i dag, vil det med ei slik endring ikkje krevjast at den andre forelderen reiser sak etter barnelova i etterkant. Utgreiinga har òg føreslått fleire alternativ til korleis ein kan få til førebelse løysingar i desse sakene. Det er også forslag til korleis ein kan klargjere og utvide høvet til å foreine saker til felles handsaming og felles avgjerd i domstolen.

Utgreiinga omhandlar òg tilfelle der eit dødsfall fører til at eit barn som er under barnevernet si omsorg ikkje har nokon foreldre med foreldreansvar. Det blir føreslått at barneverns- og helsenemnda skal treffe avgjerd om foreldreansvar i slike saker.

Les høyringsnotatet her.