Regjeringa vil ha innspel til ny teiknspråkpolitikk
Pressemelding | Nr: 47/22 | Dato: 01.09.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
I juni blei teiknspråkutvalets «NOU Tegnspråk for livet. Forslag til en helhetlig politikk» overlevert til kultur- og likestillingsministeren. No vert utgreiinga sendt på høyring.
– Vi håpar på mange høyringssvar, og at vi får supplert og utfordra kunnskapen som no er lagd fram, slik at regjeringa har eit godt grunnlag for å vurdere tiltak og vidare politikk på feltet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Teiknspråkutvalet har greidd ut situasjonen for norsk teiknspråk, med mandat om å finne ut korleis rettar til teiknspråk blir etterlevd i ulike sektorar. Dette er fyrste gong det er levert ei utgreiing som tek opp spørsmål som gjeld døve og norsk teiknspråk i offentleg politikk. Språklova gjev status til norsk teiknspråk som eit eige språk, med nasjonalt opphav.
Teiknspråkutvalet blei oppnemnt 13. august 2021. Utgreiinga frå utvalet blei overlevert til kultur- og likestillingsministeren 13. juni 2023.