Regjeringa vil inngå avtale med Skien om områdesatsing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Skien kommune får tilbod om avtale om områdesatsing frå 2023, gjennom eit forpliktande samarbeid over fem år med årleg statleg bidrag på fem millionar kroner. Skien var ein av kommunane som søkte om midlar da det blei lyst ut tidlegare i år.

Fredrikstad, Sarpsborg og Kristiansand har nyleg fått avtale om områdesatsing og fem millionar kroner årleg kvar til satsingane. No vert Skien tilbodne å inngå avtale med staten om områdesatsing.

– Områdesatsinga i Skien kommune skal omfatte bydel Gulset. Her er det mange som opplev levekårsutfordringar, og regjeringa ynskjer derfor å inngå eit forpliktande samarbeid med kommunen for å bidra til å ta tak i utfordringane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Tilbodet om områdesatsing til Skien er eit resultat av at Stortinget etter forslag frå regjeringa auka løyvinga til nye avtaler om områdesatsingar med fem millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Alle byane med nye avtalar har område med sosiale utfordringar knytt til fattigdom, lav sysselsetting og mange som leiger bustad.

Områdesatsingane er ein del av regjeringa sin politikk for å utjamne sosial ulikskap og levekårsutfordringar. I områdesatsingane blir det jobba med å betre fysiske og sosiale nærmiljøkvaliteter og tenesteutvikling. Dette er viktig innsats for inkluderande lokalsamfunn der fleire deltek.

Områdesatsingar er avtalebaserte, langsiktige samarbeid mellom stat og kommune om ein ekstra innsats i befolkningstette område med konsentrasjon av levekårsutfordringar.