Regjeringa vil legge betre til rette for lokal utvikling
Pressemelding | Dato: 20.12.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Nye statlege planretningslinjer tar omsyn til lokale forskjellar. – Landet vårt er variert, og kommunane er ulike og har ulike behov for utvikling. Dei må da få planlegge ut i frå lokale føresetnadar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjer som særleg skal bidra til utvikling av gode lokalsamfunn i heile Noreg. Kommunane får no klarare retningslinjer, som i større grad tar omsyn til lokale forskjellar. Regjeringa vil legge betre til rette for bustadbygging i heile landet, samt god mobilitet og mindre transportbehov i byområda.
– Med desse nye planretningslinjer får vi større grad av differensiering. Retningslinjene skal sikre ein betre samordna arealplanlegging. Dei skal bidra til å nå våre natur-, klima- og miljømål, og til å nå målet om vekst i distrikta. No vil kommunane få betre moglegheit til å utvikle berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstadar, og legg til betre rette for spreidd bustadbygging i distrikta, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Meir omsyn til forskjellane mellom distrikt og byområde
Dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet erstattar dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Dei nye retningslinjene skal sikre meir effektive planprosessar og ein betre samordna planlegging. Dei skal òg bidra til å nå berekraftsmåla, utvikle attraktive byar og lokalsamfunn og regjeringa sitt mål om å auke folketalet i distrikta.
Retningslinjene har ein tydeleg differensiering mellom storbyområde og distriktsområda og er dermed i større grad tilpassa at Noreg er eit langstrakt land. Dei skal i større grad bidra verdiskaping, bustad- og næringsutvikling.
– Kommunane er planmyndigheit. Dei har ei viktig rolle i å sjå ulike omsyn opp mot kvarandre. Lokale folkevalde får no meir handlefridom til å planlegge areal ut i frå lokale føresetnadar og behov. Retningslinjene er tydelege på at ein i distriktsområda kan legge til rette for spreidd bustadbygging, seier Sande.
For storbyområda, der det bur flest folk og er høgt press på areala, blir det no stilt tydelege krav til effektiv bruk av areala og at det blir lagt til rette for at eit godt kollektivtilbod og at fleire kan sykle og gå. Ein må i større grad fortette og transformere framfor å bygge ned viktig jordbruks- eller naturområde.
Å styrke jordvernet er eit anna sentralt mål med dei nye retningslinjene. Arealplanlegginga skal bidra til å nå målet om redusert omdisponering av matjord i tråd med nasjonal jordvernstrategi.
Dei aller fleste omsyna i arealplanlegginga gjeld for heile landet, til dømes føringar for bygging av bustadar, fritidsbustadar, næring og industri, og omsyn til mellom anna jordvern, sentrumsutvikling, handel og tenester. Andre viktige og nye tema kommunane må ta omsyn til i planlegginga er villrein, reindrift, kulturmiljø, arkitektonisk kvalitet og samfunnssikkerheit og beredskap.
– Vi må finne løysingar for kvar vi kan byggje og korleis vi skal skape vekst framover. Vi må fortette, gjenbruke og sambruke både areal og bygningar. Her vil det bli viktig at kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter samarbeider for å finne fram til dei gode løysingane, seier statsråden.