Regjeringa vil opne for kortare fagskuleutdanningar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 31.03.2021
Fagskulane tilbyr yrkesretta utdanningar som svarer godt på behova i arbeidslivet. No foreslår regjeringa å gje fagskulane høve til å tilby kortare utdanningar, og med tydelegare krav til kva som kan godkjennast som ei fagskuleutdanning.
– Fagskulane er ein viktig del av utdanningstilbodet vi har her i landet. Ved å fjerna minstegrensa for omfanget av fagskuleutdanningane opnar vi for at fagskulane kan utvikle endå fleire relevante, kortare og meir fleksible tilbod som er tilpassa både dine, mine og behovet i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Det vil vere same krav til kvalitet for alle utdanningane, uavhengig av lengde.
For å ha høve til å tilby kortare utdanningar må fagskulen frå før tilby minst ei akkreditert fagskuleutdanning på 60 studiepoeng, eller meir, og som det er uteksaminerte kandidatar frå i minst to år.
Tydelegare krav
I tillegg foreslår regjeringa ei presisering av kunnskapsgrunnlaget for fagskuleutdanninga. Fagskuleutdanning skal bygge på kunnskap, og erfaring frå eitt eller fleire yrkesfelt, og vere i samsvar med relevante pedagogiske, etiske, kunstfaglege og vitskaplege prinsipp.
– Vi må stille dei same krava til kunnskapsgrunnlaget ved fagskular som vi gjer for universitet og høgskular, utan at vi skal gjera dei heilt like. Medan utdanningar ved universitet og høgskular skal vera forskingsbaserte, skal fagskuleutdanningane vere praksisnære og bygge på yrkesfaglege prinsipp og standardar i dei bransjane studentane skal ut i, seier Asheim.
Plikt til å innhente politiattest
Regjeringa foreslår òg at det skal innførast ei plikt til å innhente politiattest for fagskulestudentar som kan kome i kontakt med mindreårige som del av klinisk undervisning, eller i praksisstudiar. Tiltaket kan redusere sannsynet for at personar som har utøvd vald og overgrep kjem i kontakt med barn og unge, i tillegg til at det kan ha ein førebyggande effekt.