Regjeringa vil sikra dokumentasjon etter internasjonale operasjonar
Nyheit | Dato: 24.11.2023 | Forsvarsdepartementet
Regjeringa foreslår to millionar kroner til digitale arkiv etter internasjonale operasjonar.
- Vi skal ta vare på dei som har gjort ein jobb for Noreg. Å sikra dokumentasjon frå internasjonale operasjonar er viktig, både for kvar enkelt veteran og for å ta vare på historia for ettertida, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Store mengder dokumentasjon frå internasjonale operasjonar frå byrjinga av 1990-talet og fram til og med Afghanistan, Irak, Libya og Mali er levert til Forsvarets arkivteneste på eksterne lagringsmedium som harddiskar, berbare PC-ar, minnepennar og liknande. Innhaldet på desse lagringsmedia er i lita grad kjent i dag. Desse lagringsmedia har det til felles at dei går til grunne av seg sjølv over tid. Det er difor ein risiko for at dokumentasjonen går tapt for alltid om ikkje noko blir gjort. Det kan ha følgjer ikkje berre når det gjeld historieforsking, men også for dokumentasjon i erstatningssaker for veteranar. Det er Forsvaret som er ansvarleg for at dokumentasjonen blir arkivert. Regjeringa foreslår ei tilleggsløyving på budsjettet for i år til ei databaseløysing som skal sikra ei forsvarleg lagring av materialet. Tiltaket er ein del av arbeidet til regjeringa for å styrkja oppfølginga av veteranar, og vil inngå i tiltaksplanen til regjeringa for anerkjenning, varetaking og oppfølging av veteranar.
- Bruk av militærmakt for å bevara, skapa eller retta opp igjen fred er ei av dei alvorlegaste handlingane vi politikarar vedtek. Då er det viktig for oss og for etterkommarane våre at dokumentasjonen frå desse operasjonane er tilgjengelege for ettertida. På sikt er det også eit mål for regjeringa at så mykje som mogleg av denne dokumentasjonen blir tilgjengeleg for forskarar og andre interesserte. For rettstryggleiken i veteranane er det vesentleg at denne dokumentasjonen finst for ettertida. Det kan til dømes vera aktuelt i erstatningssaker, seier Gram.
Regjeringa ventar at arbeidet med å overføra dokumentasjonen til databaseløysinga vil ta inntil tre år. Deretter må dokumentasjonen gjennomgås, blir systematisert og eventuelt avgradert før det kan tilgjengeleggjerast.