Statsbudsjettet 2025

Regjeringa vil sikre eigedomsregisteret

Regjeringa foreslår ei løyving på 50 millionar kroner i 2025 for å auke tryggleiken i det nasjonale eigedomsregisteret. Dette skal gjerast for å sikre eigedomshandel og eigedomsinteressene.

– Dagens nivå på sikkerheita er ikkje god nok. Ei uroleg verd gjer det endå viktigare å sikre integritet og tilgang til informasjon om eigedom, rettar og grenser. Det nasjonale eigedomsregisteret er ei viktig støtte for nasjonale tryggingsinteresser. Med denne løyvinga får vi tryggleiken opp på eit tilfredsstillande nivå, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Løyvinga inngår i eit toårig prosjekt med investeringskostnadar på til saman 95 millionar kroner for å utvikle nye løysingar innan IT. Auken i driftsutgiftene vil vere på 25 millionar kroner frå 2027. Tiltaket skal finansierast med ei mindre auke i tinglysingsgebyra.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no