Regjeringa vil styrke arbeidet mot trakassering i arbeidslivet

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Gjennom å presisere at vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova også gir vern mot seksuell trakassering, vil regjeringa styrke arbeidet mot trakassering i arbeidslivet.

– Vi skal ha nulltoleranse for vald, trakassering og seksuell trakassering i norsk arbeidsliv, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Noreg har eit omfattande regelverk som skal verne arbeidstakarar mot vald og trakassering i arbeidslivet. Likevel er det 117 000 arbeidstakarar som har vore utsette for uønska seksuell merksemd ein gong i månaden eller meir.

Kvinner, og særlig unge kvinner med dårlegare tilknyting til arbeidslivet, blir oftare utsette for seksuell trakassering enn menn. I tillegg er det meir seksuell trakassering i kvinnedominerte bransjar og yrke med kunde- eller pasientkontakt.

– Å bli utsett for seksuell trakassering reduserer fridomen til folk, og gjer at dei blir utrygge. Seksuell trakassering kan gi psykiske plager, mistrivnad og føre til at folk sluttar i arbeidet sitt. Det kan vi ikkje akseptere, seier Mjøs Persen. 

For å styrke vernet mot trakassering og seksuell trakassering, foreslår regjeringa å ta inn definisjonar av trakassering og seksuell trakassering i arbeidsmiljølova som tilsvarer definisjonane i likestillings- og diskrimineringslova.

– At det går tydelig fram av lova kva trakassering og seksuell trakassering er, kan bidra til å gjere det lettare for arbeidsgjevar å forebygge og følge opp trakassering i verksemda. Forslaget vil også kunne gjere det lettare for arbeidstakar å vurdere om vedkommande har blitt utsett for trakassering eller seksuell trakassering.

Rett til eit arbeidsliv utan vold og trakassering

Regjeringa vil i tillegg ratifisere ILO-konvensjon nr. 190 om fjerning av vald og trakassering i arbeidslivet. ILO-konvensjonen blei vedteken i 2019, og er den første internasjonale konvensjonen som rettar seg mot vald og trakassering i arbeidslivet.

– Generelt håpar vi at framlegga vil kunne bidra til færre tilfelle av trakassering i arbeidslivet, og til å bygge opp under ein god kultur på alle arbeidsplassar, seier Mjøs Persen. 

I proposisjonen foreslår regjeringa:

  • At Noreg ratifiserer ILO-konvensjon nr. 190.
  • Å presisere at vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova også gjeld eit vern mot seksuell trakassering.
  • Å ta inn ein definisjon av trakassering og seksuell trakassering i arbeidsmiljølova, som tilsvarer definisjonane i likestillings- og diskrimineringslova.
  • Å tydeliggjere oppgåvene til verneombodet som etter lova skal sjå til at det psykososiale arbeidsmiljøet til arbeidstakaren er teke vare på.

I høyringa foreslår regjeringa at verneombodet skal få opplæring i handtering av vald og trakassering på arbeidsplassen, og at arbeidsgjevar skal ha rutiner for å førebygge og handtere trakassering i verksemda. Departementet vil vurdere vidare oppfølging av forslaga i dialog med Arbeidstilsynet.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.