Det skal løne seg å jobbe lenger for offentleg tilsette fødd 1954–1962

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa føreslår å endre lova for at det skal løne seg for offentleg tilsette som er fødd i årskulla 1954–1962 å arbeide lenger. I dag løner det seg i liten grad for denne gruppa.

- Regjeringa vil at så mange som mogleg jobbar så lenge som mogleg. Derfor føreslår vi no ei lovendring som gjer det løner seg for fleire å jobbe lenger, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonja Brenna.

I 2018 vedtok Stortinget nye pensjonsreglar for offentleg tilsette som er fødd i 1963 eller seinare. Det inneber at den årlege pensjonen blir lågare om dei går av tidleg med pensjon, og at pensjonen aukar dess lenger dei står i arbeid – på same måte som for tilsette i privat sektor. For offentleg tilsette som er fødd 1954–1962 gjeld framleis brutto­ordninga, der årleg, samla pensjon i liten grad heng saman med kor lenge du står i jobb.

Med endringa regjeringa no føreslår vil dei som er fødde mellom 1954 og 1962 som jobbar etter at dei har kompensert for levealdersjusteringa, få auka utbetalinga si av tenestepensjon, samanlikna med gjeldande reglar.

-  Eg håpar at desse endringane fører til at vi får behalde verdifull kompetanse i offentleg sektor lenger, seier Brenna.

Dette føreslår regjeringa:

  • Ei justering i regelverket for levealdersjustering av alderspensjon, (brutto tenestepensjon), som skal samordnast med ny folketrygd for personar født i åra frå 1954 til og med 1962.
  • At nedre grense på delingstal ved utrekning av brutto alderspensjon som skal samordnast med ny folketrygd, blir oppheva.
  • Endringa vil styrke insentiva til utsett avgang frå arbeidslivet i perioden kor delingstalet er lågare enn 13,42.

 

  • Levealdersjusteringa blei innført i 2011 for å gjere systemet meir berekraftig. Yngre generasjonar lever lengre enn eldre generasjonar, og må derfor også jobbe lenger for å få like høg årleg pensjon.
  • Når ein fullt ut har kompensert for levealdersjusteringa, har ein jobba så lenge at ein får like høg årleg pensjon som dei årskulla som ikkje har fått levealdersjustert pensjonen sin.