Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa vil styrke næringssamarbeidet med Ukraina
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa foreslår to millionar kroner til Innovasjon Noreg for å styrke næringssamarbeidet mellom Norge og Ukraina.
– Ukraina er i ein svært krevjande situasjon med ein brutal angrepskrig frå russisk side, og landet er i ein energikrise. Eg ønskjer ei kraftsamling i norsk næringsliv for å kunne ta ei meir aktiv rolle i gjenoppbygginga av Ukraina. Norsk næringsliv har både vilje og evne til å bidra, mellom anna med omstillinga til fornybar energi. Regjeringa vil setje Innovasjon Noreg betre i stand til å hjelpe norsk næringsliv som ønskjer å delta i gjenoppbygginga av Ukraina, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Det er ei enorm oppgåve å få gjennomført og finansiert gjenoppbygginga av Ukraina. Engasjement frå privat sektor er avgjerande for å skape aktivitet, arbeidsplassar, skatteinntekter og halde samfunnet i gang. President Volodymyr Zelenskyj understreka at eit tettare samarbeid med norsk næringsliv er høgt prioritert frå ukrainsk side da han besøkte Noreg i desember 2023.
Etter eit initiativ frå Ukraina er regjeringa i gang med ei oppdatering av frihandelsavtalen mellom Ukraina og EFTA frå 2010. Med oppdateringa fangar avtalen opp endringar i handelsmønster og prioriteringar, som nye kapittel om elektronisk handel og handel og berekraftig utvikling. Den oppdaterte avtalen blir eit godt rammeverk for handelen mellom Noreg og Ukraina i ein gjenoppbyggingsfase.
– Det er eit veldig engasjement i norsk næringsliv for å bidra i Ukraina, og regjeringa vil støtte opp om dette. Eg vil invitere partane i næringslivet, virkemiddelaktørane og relevante bedrifter til eit møte om korleis norsk næringsliv kan bidra til gjenoppbygginga av Ukraina. Vi ber også Innovasjon Norge om å kartleggje kva konkrete moglegheiter som finst, og korleis norsk næringsliv kan bidra best mogleg, seier Myrseth.