Statsbudsjettet 2024

Regjeringa vil styrke samisk kultur og nasjonale minoritetar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Institusjonane og aktørane som representerer dei nasjonale minoritetane og den samiske befolkninga, gjer eit kolossalt viktig arbeid for å fremje og utvikle eigen kunst og kultur, og eigne språk. Her vil vi bidra, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

­­Regjeringa foreslår mellom anna meir støtte til teater, museum og urfolksfestivalen RidduRiđđu.

– Med dette ønsker vi å gje eit løft til profesjonelle kulturinstitusjonar og andre som varetek og utviklar kultur, kunst og språk for våre nasjonale minoritetar. Det er viktig at dei kan halde fram det gode arbeidet dei gjer, seier Jaffery.

Regjeringa foreslår at det kvenske teateret Kvääniteatteri på Storslett får 4 millionar kroner i driftsstøtte neste år. Det vert også foreslått at Norsk Skogfinsk Museum på Svullrya får vidareført driftsmidla dei fekk i 2023. Kunstnarkollektivet Dáiddadállu i Kautokeino er også for første gong inne i budsjettforslaget med ei løyving på 2 millionar kroner.

– Dáiddadállu har på få år blitt eit knutepunkt mellom samisk samtidskunst og nasjonale og internasjonale fagmiljø og publikum. Vi vil bidra til å sikre drift og utvikling av dette kunstnarkollektivet, seier Jaffery. 

Støtte til teater og museum

Det samiske nasjonalteateret Beaivváš skal opne dørene til det nye bygget i Kautokeino neste år, og regjeringa foreslår 8,3 millionar kroner som skal dekke husleiga i 2024. Det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok har behov for nye lokale og regjeringa har lagt fram forslag om vidareføring av forprosjektfasen.

– For at dei nasjonale minoritetane og den samiske befolkninga skal kunne forvalte eigen kultur på eigne premissar, er sjølvsagt eigne kulturinstitusjonar avgjerande, seier Jaffery.

Det blir i tillegg satsa på språktiltak som er viktig for utviklinga og varetakinga av dei samiske språka. Samisk arkiv og Divvun, som jobbar med samisk språkteknologi, får midlar til eit forprosjekt om samisk språkutvikling og for å gjere samiske lydarkiv tilgjengelege.

Oppsummering i tal:

  • 8,3 millionar kroner til Sametinget – husleige for det samiske nasjonalteateret Beaivváš i 2024.
  • Vidareføring av planlegginga av nybygg for det samiske museet RiddoDuottarMuseat i Karasjok.
  • 2 millionar kroner til drift av det samiske kunstnarkollektivet Dáiddadállu i Kautokeino.
  • 1,1 millionar kroner til den internasjonale urfolksfestivalen RidduRiđđu.
  • 1 million kroner til Nordlandsmuseet - samarbeidsprosjektet mellom Nordlandsmuseet og Árran lulesamisk senter.
  • 2 millionar kroner til samarbeidsprosjekt mellom Samisk arkiv og Divvun - forprosjekt for samisk språkutvikling og tilgjengeleggjering av samiske lydarkiv.
  • 4 millionar kroner i driftsmidlar til det kvenske teateret Kvääniteatteri.
  • Vidareføring av 2 millionar kroner til drift av Norsk Skogfinsk Museum.