Regjeringa vil styrkje kulturlova

Regjeringa legg i dag fram forslag til endringar i kulturlova. Forslaga skal sikre ytringsfridomen på kulturfeltet og bidra til at kultur blir ivaretatt i kommunal planlegging.

– Endringane skal gjere kulturlova til eit sterkare og meir praktisk verktøy for kulturpolitikken på alle nivå, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Endringane regjeringa foreslår, er mellom anna å lovfeste det såkalla «armlengdsprinsippet», og å innføre ein ny lovregel om kommunal planlegging på kulturfeltet. 

Armlengds avstand

Armlengds avstand frå politiske styresmakter, har lenge vore eit viktig prinsipp i norsk kulturpolitikk. Forslaget i proposisjonen følgjer opp ei tilråding frå Ytringsfridomskommisjonen (NOU 2022: 9).

Kommisjonen viste mellom anna til at erfaringar frå andre land dei siste åra har vist at den kunstnarlege fridomen kan vere trua når det skjer politiske endringar mot meir autoritære styreformer. Kommisjonen meinte derfor at det er viktig at dei kunstnarlege institusjonane har eit formelt vern mot omskiftelege rammevilkår og politiske vindar.

Forslaget inneber at kunst- eller kulturfaglege avgjerder skal treffast av fagpersonar, og at politisk styring i slike saker må skje på overordna nivå. Ei lovfesting vil underbyggje og fremje armlengds avstand som kulturpolitisk prinsipp, bidra til bevisstgjering på alle forvaltningsnivå og motverke politisk overstyring av det kunst- og kulturfaglege skjønnet.

– I verda rundt oss ser vi at den kunstnarlege fridomen ofte blir utfordra når konfliktlinjene i samfunnet blir skarpare. Det er derfor viktig å tryggje armlengdsprinsippet i gode tider. Dette er ei forsikring for framtida, seier Jaffery. 

Kommunal planlegging

Det er store variasjonar i kva grad kultursektoren får merksemd i lokale planprosessar. Oxford Research gjennomførte i 2021 ei spørjeundersøking, der alle dei 356 kommunane i landet vart inviterte til å delta. I undersøkinga svarte omtrent ein av fire kommunar at dei ikkje hadde ein strategiplan for kulturfeltet, og undersøkinga viste at ein del kommunar utelèt kulturfeltet i planane sine.

Fylkeskommunar og kommunar skal difor etter forslaget utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet. Oversikta skal liggje som grunnlag for planarbeidet etter plan- og bygningslova. Vidare vil føresegna påleggje fylkeskommunar og kommunar å fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet i planverket. Desse måla og strategiane bør vere eigna til å møte dei utfordringane som er identifiserte i oversikta.

– Vi kan ikkje påleggje kommunane å prioritere kultur foran andre viktige oppgåver. Det kommunale sjølvstyret står sterkt i Noreg. Det vi kan bidra til, er å sikre at prioriteringane blir gjort på eit solid grunnlag, seier Lubna Jaffery.