Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa tek milliongrep for raskare godkjenning av fagskular
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Kunnskapsdepartementet
I det reviderte nasjonalbudsjettet føreslår regjeringa ei auka løyving til NOKUT på 3,5 millionar kroner.
Pengane blir gitt for å styrke arbeidet med å behandle søknader om å akkreditere nye fagskuleutdanningar og etablere institusjonakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning. I tillegg varslar no regjeringa ei rekke grep for å sikre raskare søknadsbehandling.
– Fagskulane har ei avgjerande rolle for å sikre utdanning og kompetansebygging som arbeidslivet etterspør. At sakshandsamingstida hos NOKUT har vorte ein propp i utviklinga av denne viktige sektoren er ein situasjon vi ikkje kan leve med. No har vi løyvd friske pengar i ei krevjande økonomisk tid, og vi tar fleire grep for å sikre at det er tilstrekkeleg kapasitet til å behandle søknadene, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Regjeringas grep for å få bort køa
- I revidert nasjonalbudsjett for 2023 føreslår regjeringa å auka løyvinga til NOKUT med 3,5 millionar kroner for arbeid med å behandla søknader om å akkreditere nye fagskuleutdanningar og etablere institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning.
- Kunnskapsdepartementet forventar at NOKUT omprioriterer ressursar til akkrediteringsarbeidet innanfor eksisterande rammer, i tråd med forventningane i tildelingsbrevet for 2023.
- NOKUT skal prioritere søknader om fagområdeakkreditering som eit tiltak for å effektivisere saksbehandlinga. Med fagområdeakkreditering kan fleire fagskular sjølv sørge for å akkreditere utdanningstilbod innanfor eit gitt fagområde, utan at dei må søke NOKUT.
- Kunnskapsdepartementet vil om kort tid sende eit forslag om å opne for institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning på høyring. Med institusjonsakkreditering kan fagskular sjølve akkreditera alle eigne studiar, også på dei områda der dei ikkje har fagområdeakkreditering.
- Kunnskapsdepartementet vil sende forslag på høyring om søknadskarantene for å unngå at nokre søknader blokkerer NOKUTs kapasitet uforholdsmessig. Ein søknadskarantene kan innebere at NOKUT i særlege tilfelle gjer vedtak om karantene for tilsvarande søknader frå same fagskule. Karantenetida kan vere på inntil to år.
- Samtidig vil det høyrast om innføring av eit søknadsgebyr kan vere eit mogleg tiltak for å bidra til å heve kvaliteten på søknadene om akkreditering av fagskuleutdanning og få ned saksbehandlingstida.
Søknadsbehandlinga må prioriterast og sikrast nok kapasitet
– NOKUT har ei rekkje viktige oppgåver, men vi må sikre at søknadsbehandlinga har nok kapasitet. I tillegg til dei grepa vi no tek, vil vi framover ha ein samla gjennomgang av undersøkingane av utdanningskvalitet og situasjonen til studentane, slik som Studiebarometeret. Vi vil sikre at vi har best mogleg oversikt over kvalitet, trivselen og helsa til studentane. Så må me sikra at oppgåvene ligg ein stad som er føremålstenleg, med tilstrekkeleg kapasitet, slik at vi samla sett bruker ressursane på feltet på ein god måte, seier Ola Borten Moe.
– God nyheit for fagskulane, studentane og arbeidslivet
– Forslaget frå regjeringa om å auka løyvinga til NOKUT er ei god nyheit for fagskulane, studentane og arbeidslivet. Det vil styrkje NOKUTs arbeid og bidra til at fleire fagskular får komme i gang med nye utdanningstilbod, seier NOKUT-direktør Kristin Vinje.
– Dei siste åra har fagskulesektoren vakse mykje, og NOKUT har opplevd ein stor auke i talet på søknader frå fagskular. For første gong har vi kome i ein situasjon der vi ikkje er i stand til å behandle alle søknader vi får innan rimeleg tid. NOKUT ønskjer å bruke ressursane sine mest mogleg formålstenleg, og har allereie gjort ressurssparande tiltak ved å forenkle akkrediteringsprosessen for fagskuleutdanningar. I dialog med fagskulesektoren og Kunnskapsdepartementet vil vi sjå på kva for ytterlegare grep vi kan ta for å få ned saksbehandlingstida og køane, utan at det går utover kvaliteten på utdanningane, seier Vinje.