Reglar for domstolane i krise, krig eller når tryggleiken i riket er i fare på høyring

Regjeringa sender forslag til eit nytt kapittel i domstollova med beredskapsheimlar på høyring. Reglane har sin mål å gjere Noreg til ein meir robust rettsstat.

– Noreg skal vera i stand til å handtera krise og krig. Folk skal ha tryggleik i ein fungerande rettsstat uavhengig om landet er i fred, krise eller væpna konflikt. For å klare dette må me vere førebudd, fortel justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Behovet for regelverksendringar og nye fullmakter bør, så langt mogleg, blir greidd ut, debattert og forankra før krisa treff. Forslaget som no blir sendt på høyring skal gjelde ved ekstraordinære situasjonar i fredstid, når riket er i krig, eller når sjølvråderetten eller tryggleiken i Noreg er i fare.

I NOU 2021: 6 om korleis styresmaktene handterte koronapandemien peika Koronakommisjonen på viktige læringspunkt for domstolane, med overføringsverdi til også andre kriser enn pandemi. Desse erfaringane blir brukt for å gjere Noreg betre rusta for krig og krise.

– Lovforslaga opnar mellom anna for overføring av saker mellom domstolar, moglegheit for prioritering av saker, i tillegg til utvida tilgang til skriftleg behandling og fjernmøte i straffesaker, seier justis- og beredskapsministeren.

Lovforslaget har høyringsfrist 24. juni 2025.

Bakgrunn

Då samfunnet i mars 2020 stengde ned som følgje av covid-19-pandemien, vart det, særleg i den innleiande fasen, handtert ulikt i domstolane. Leiarane i domstolane avgjorde kva førehandsreglar som var nødvendige i eigen domstol, som kunne vere avgjerande for om ei sak vart behandla eller måtte utsetjast. Vurderingane kunne vere basert på objektive forhold som utforminga til lokala, tilsette i risikogruppa eller reiseveg, eller subjektive forhold, som å avvege omsynet til smittevern mot behovet for å halde verksemda i gang.

For omverda kan ulike vurderingar i domstolane under slike omstende vere vanskeleg å forstå, og utfordre omdømme til domstolane som éin institusjon med eit likeverdig tilbod til alle. Samtidig kan ulik handtering vere nettopp det som skal til for at domstolane som statsmakt skal fungera i ein gitt situasjon. I NOU 2021: 6 peika Koronakommisjonen på fleire forhold som burde avklarast slik at domstolane er betre rusta til neste krise, som kva som kan legitimere stenging av heile eller deler av drifta til ein domstols, og kva saker som kan utsetjast med ei slik grunngiving.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.