Regulering av norsk vårgytande sild for 2024
Pressemelding | Dato: 21.12.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Kyststatane vart i kyststatsforhandlingane om norsk vårgytande sild (nvg-sild) tidlegare i haust samde om at totalkvoten for 2024 blir sett til 390 010 tonn.
Noreg har vedteke å fastsette ein norsk andel på 65,6 prosent av totalkvoten (TAC) i 2024. Dette vert 255 846,5 tonn. Endeleg norsk kvote vert først klar etter nyttår, når endelege fangsttal for 2023 er klare.
- Kyststatane er framleis ikkje samde om ei ny fordeling av sildebestanden, men det har vore gjort framgang i forhandlingane. Vi framhald arbeidet med forhandlingane neste år, seier fiskeri- og næringsminister Cecilie Myrseth.
Av den norske kvoten er det sett av 270 tonn til rekrutteringskvotar (gammal ordning), 200 tonn til rekrutteringskvotebonusordning, 890 tonn til forskings- og undervisningsformål, 500 tonn til agnkvotar og 2000 tonn til open gruppe for kystfartøy.
Fordelingsnøkkelen for norsk vårgytande sild som vart innført i tråd med Stortingets vedtak ved behandlinga av kvotemeldinga i 2020, og som no har verka som fordelingsnøkkel på nvg-sild i 2021, 2022, og 2023, blir vidareført i 2024.
Fordelingsnøkkelen er 49 prosent til ringnot, 10 prosent til trål og 41 prosent til kyst. Avtalen frå 2009 om kvotebyte mellom ringnot- og trålgruppa på nvg-sild og makrell blir vidareført som tidlegare.
- Vi må ta omsyn til Stortingets vedtak frå 2020 og føringane som vart lagde på fordelingsnøkkelen fram til vi har eit nytt vedtak å forhalda oss til, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.
Avsetninga til open gruppe på 2000 tonn vil også i 2024 bli trekt frå totalkvoten.
Overreguleringsgraden for kystfartøy under 15 meter prosent blir for 2024 satt til 5 prosent frå årets start grunna nedgangen i totalkvota for 2024, men denne kan bli justert dersom det blir utfordringar med å fiske opp tildelt kvantum.
Fotnotar
Norsk kvote
Den del av totalkvoten, inkludert eventuelle kvotebytter med andre land, som norske myndigheter regulerer, og som fordeles til den norske fiskeflåten.
Totalkvote/ Total Allowable Catch (TAC)
Det kvantum som alle (norske og utenlandske) fartøy samlet kan fiske av et bestemt fiskeslag.
Åpen gruppe
I en åpen gruppe i fiskeriene er det ikke nødvendig å ha deltakeradgang/konsesjon for å delta. Fartøyene i en åpen gruppe tildeles kvote i mange viktige kvoteregulerte fiskerier, som blant annet torsk, sei og hyse nord for 62 grader nord, NVG-sild (norsk vårgytende sild), makrell og kongekrabbe. Det er åpen gruppe i torskefisket i nord som er den største åpne gruppen. Åpen gruppe ble tidligere kalt gruppe II.